Ny forskrift om skogbehandling og skogsdrift i Oslo og nærliggjande kommunar (marka)

Landbruks- og matdepartementet har i dag fastsatt ny forskrift om skogbehandling og skogsdrift i Oslo og nærliggjande kommunar (marka). Forskrifta trer i kraft 1. januar 2022.

I høyringsutkastet presenterte departementet ei samla løysing der det ikkje skulle vere meldeplikt for hogstinngrep under 10 dekar, og der det skulle innførast ei reell meldeplikt for hogstinngrep over 10 dekar. Elementa i dette forslaget fekk både støtte og motbør, men etter ei samla vurdering har departementet kome til at det samla sett er riktig å vidareføre ei søknadsplikt for hogst.

Departementet har samtidig fastsett endring i forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksveier som gjeld klagemyndigheita for saker etter denne forskrifta i Marka.