Historisk arkiv

Ny rapport: Store utfordringar med IKT-tryggleik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Nordmenn vert i aukande grad lurt og manipulert på internett. Vi er alle potensielle mål, både i jobb og i privat samanheng, viser ny rapport om trusselbildet innan IKT-tryggleik.

– Vi må ha kunnskap om kva som gjer oss sårbare, og vi må vere medviten dei val vi tek, seier statssekretær Gjermund Hagesæter i Justis- og beredskapsdepartementet (FrP).

Hagesæter fekk i dag presentert rapporten «Trusler og trender 2016» utarbeida av Norsk Senter for Informasjonssikring (NorSIS ). Rapporten pekar på store utfordringar som både enkeltpersonar og samfunn må halde seg til.

– Datakriminalitet kostar Norge rundt 20 milliardar kroner årleg, og i fjor vert i overkant av 150.000 nordmenn råka av ID-svindel, seier Hagesæter vidare.

To tema står sentralt i rapporten; korleis vi sjølv vel å dele informasjon om oss sjølv og våre gjøremål, og korleis kriminelle lurer informasjon frå enkeltpersonar og tilsette som brukast til å gjennomføre kriminelle handlingar.

– Teknologien har vorte sikrare, men nettkriminaliteten endrar seg frå hacking til manipulering. Stadig fleire vert ramma av falske nettsider, falsk informasjon og svindlarar på nettet, seier Roger Johnsen, administrerande direktør i NorSIS. Også krenkingar og nettvold aukar. I løpet av to år har talet på folk som har teke kontakt med til slettmeg.no økt med 30%.

–Openheit og samarbeid på tvers av privat og offentlig sektor er heilt naudsynt, og vi ser ei positiv utvikling, seier Johnsen.

Les Norsis sin rapport Trusler og trender 2016

Meir informasjon om den sjølvstendige ekspert-organisasjonen Norsk senter for Informasjonssikring ( NorSIS ): www.norsis.no.

Tenester som vert drifta av NorSIS:

  • www.nettvett.no for råd og rettleiing om førebyggande og trygg bruk av nettet.
  • www.slettmeg.no for råd, rettleiing og hjelp knytt til krenkingar på nett.
  • www.sikkert.no for meir informasjon om Nasjonal tryggingsmånad og e-læring innan informasjonstrygging for bedrifter.