Historisk arkiv

Røe Isaksen til Argentina

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen besøker Argentina 5. til 8. mars.

Måndag 5. mars har næringsministeren eiget program i forkant av statsbesøket til Argentina. Han planlegg eit besøk til Hydro sin fabrikk i Buenos Aires denne dagen. Røe Isaksen og utanriksminister Ine Eriksen Søreide skal dessutan ha politiske samtalar med blant anna den argentinske utanriksministeren.  

- Argentina er eit spannande land med potensial for å auke næringslivssamarbeidet med Noreg. Reformene til president Macri har skapa ny optimisme for utanlandske investeringar og handel, og Argentina er blitt ein meir interessant marknad for norske bedrifter. Vi jobbar dessutan med å forhandle frem ein frihandelsavtale med Mercosur-landa der Argentina er med, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Formålet med besøket er å profilere norsk næringsliv i Argentina. Det vil også vere eit særleg mål å fremme frihandelsavtaleforhandlingane mellom EFTA-landa (Noreg, Sveits, Island og Liechtenstein) og Mercosur-landa (Argentina, Brasil, Uruguay og Paraguay).

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen og utanriksminister Ine Eriksen Søreide følger DD.MM. Kong Harald og Dronning Sonja under statsbesøket til Argentina 6. – 8. mars. Representantar for norsk næringsliv deltek på turen. Media er også velkomen til å delta.

Les meir om næringslivsprogrammet her. 

Fakta

  • Noreg eksporterte varer til Argentina til ein verdi av 294 millionar kroner i 2017.
  • Noreg importerte varer fra Argentina til ein verdi av 226 millionar kroner i 2017.
  • Eksport av tenester fra Noreg til Argentina hadde ein verdi på 715 millionar kroner i 2016.
  • Import av tenester fra Argentina til Noreg hadde ein verdi på 271 millionar kroner i 2016.
  • Rundt 20 norske selskap har kontor i Argentina. Norwegian etablerte seg nyleg i landet for å starte opp både innanriks- og utanriksflygingar. I 2017 innggjekk Statoil ein avtale om felles leiting etter hydrokarbon i Bajo del Toro-lisensen i Neuquen-bassenget i Argentina.
  • EFTA-landa (Noreg, Sveits, Island og Liechtenstein) er nå i gang med å forhandle om ein frihandelsavtale med Mercosur-landa (Argentina, Brasil, Uruguay og Paraguay). Det leggast opp til ein brei og ambisiøs avtale. Utanom handel med varer og tenester vil avtalen dekke tema som investeringar, immaterielle rettigheiter, offentlege anskaffingar, handel og berekraftig utvikling. Det er gjennomført to forhandlingsrundar, og neste er avtalt til april 2018.