Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon:

Fiskeriministeren til Kristiansund

Fiskeriminister Harald T. Nesvik besøker Kristiansund tysdag 19. februar.

Fiskeriministeren startar dagen med å førelese for studentar i marin logistikk og økonomi på Høgskolen i Molde, avdeling Kristiansund.

Deretter vil han besøke Abyss Group, som med dotterselskapa Abyss Aqua, Abyss Subsea og Abyss Ship Management leverer tenester til oppdrettsnæringa. Bedrifta har 60 tilsette og hovudkontor i Kristiansund.

Vidare går turen til Stranda Prolog, som leverer logistikkløysningar til oppdrettsindustrien. I 2015 flytta verksemda, som har 60 tilsette, det meste av produksjonen frå Averøy til Kristiansund.

Fiskeriministerens program:

Kl. 09.15 – 10.00

Fiskeriministeren held gjesteførelesning på Høgskolen i Molde, avdeling Kristiansund.

Kl. 10.45 – 11.45                 

Besøk hjå Abyss Subsea

Kl. 12.00 – 13.20                 

Besøk hjå Stranda Prolog

Pressekontakt:

Kommunikasjonsrådgjevar Hanne Steensnæs, Hanne.Steensnas@nfd.dep.no, mobil: 90922778.

 

Til toppen