Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Regjeringa vil sikre gode tenester for trafikantar i heile landet

– For regjeringa er det avgjerande å sikre gode tenester for trafikantar i heile landet. Særleg for dei tenesta som framleis krev oppmøte må det vere eit tilgjengeleg tilbod rundt i heile landet. Vi har no nøye vurdert forslaga frå Statens vegvesen, men også lytta til innspel og forslag frå lokale aktørar. Konklusjonen er at dei fleste av tenestestadene som var foreslått nedlagt likevel held fram, men at det vil skje nokre endringar i tenestetilbodet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

I november i fjor leverte Statens vegvesen sitt endelege forslag til ny tenestemodell og -struktur for tenesta på trafikant- og køyretøyområdet. Bakgrunnen er dei store endringane Statens vegvesen går gjennom, både som ein følgje av overføring av fylkesvegoppgåver til fylka og omstilling av etaten. No har regjeringa vurdert forslaga, og har konkludert med framtidig tenestetilbod.

– Vi ønsker at det tenestetilbodet som var foreslått nedlagt i Levanger, Larvik, Kragerø og Mandal likevel held fram. I tillegg blir det ikkje gjort endringar i tenestetilbodet i Sandnessjøen og på Leknes. For å sikre eit godt tilbod, særleg til ungdom i distrikta, vidareførast også tilbodet om førarprøve på motorsykkel i Tynset, Kongsvinger, Flekkefjord, Odda, Sogndal Sunndalsøra, Namsos, Sortland og Lakselv. I tillegg blir hallkontroll vidareført i Nordfjoreid, da dette har stor betydning for lokalt næringsliv på staden, seier Hareide.

Omsynet til ungdom og lokalt næringsliv har vore viktig
Særleg har omsyn til ungdom og lokalt næringsliv vært avgjerande.

- Førarkort og køyretøyteneste er viktige for svært mange, både privatpersonar, næringsverksemd og lokalsamfunn, rundt om i heile landet. Det er viktig for ungdom som skal ta førarkort at dette kan skje utan for lang reiseveg og for mye fråvær frå skule, og det er viktig for næringsaktørar innanfor bilbransjen at dei ikkje må frakte køyretøya unødig langt for å få gjennomført de tenesta dei skal, seier samferdselsministeren.

Det er no berre tenestestaden i Dalen i Telemark som blir lagt heilt ned. Dette er fordi denne tenestestaden ikkje tilfredsstiller minstekrava til gjennomføring av praktisk førarprøve. Videre blir teoriprøvetilbodet på Ørnes, som gjennomførast i samarbeid med kommunalt servicekontor borte inntil vidare fordi det ikkje oppfyller krav til sikkerheit.. Her skal Statens vegvesen forsøke å finne alternative løysingar på sikt i samarbeid med andre offentlege etatar.

Stadig betre digitale tenester
Det blir også nokre endringar i tilbodet enkelte stader. Det blir mellom anna nokon færre stader ein kan gjennomføre førarprøvar for motorsykkel og for tunge køyretøy, og det blir nokon færre stader ein kan gjennomføre skranketeneste og hallkontroll av køyretøy.

– Statens vegvesen har kome langt i å digitalisere sine teneste og i dag kan ein gjere mange av tenestene heime frå si eiga stue, utan at ein må møte opp på ein trafikkstasjon. Vidare har Statens vegvesen allereie i dag ordningar for å oppsøkje til dømes næringsaktørar i samband med godkjenning av køyretøy. I tillegg til å fortsette digitaliseringsarbeidet, vil eg derfor be Statens vegvesen arbeide vidare med å sjå på mogelegheita for å vidareutvikle slike ordningar ytterlegere, seier Hareide.

 

For meir informasjon, sjå:

- Oversikt over stedar tenestetilbod for dei enkelte tenestene blir lagt ned (pdf)

 

Til toppen