Enklare førarkortreglar for elvarebil

– Auka bruk av nullutsleppskøyretøy er eit viktig tiltak for å nå regjeringa sine mål i miljøpolitikken. Vi vil difor at det skal bli enklare å køyre elvarebilar med førarkort for personbil sjølv om dei er litt tyngre enn det som elles er tillate. Dette kan gjere at fleire vel elvarebil i staden for ein fossildriven varebil, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Han har no bede Vegdirektoratet gjere framlegg om at dei som har to års røynsle med førarkort klasse B kan køyre varebilar med alternative drivstoff med totalvekt inntil 4250 kg. Den auka vekta må vere knytt til det alternative framdriftssystemet (typisk batterivekt), og lasteevna kan ikkje auke samanlikna med ein fossildriven versjon. Nye reglar frå EU gjer det no mogeleg å tillate dette for køyretøy som ein elles må ha førarkort for lett lastebil (klasse C1) for å køyre.

Vegdirektoratet vil utarbeide og sende på høyring nødvendige regelverksendringar. Det  blir arbeid med sikte på at endringar kan vere på plass våren 2019.

Til toppen