Toppmøte om teknologi

Regjeringa inviterte toppleiarane i norsk næringsliv til Trondheim for å diskutere digitalisering og banebrytande teknologiar.

- Noreg ligg i verdstoppen på privat teknologibruk, og vi har ein digital infrastruktur som gir gode mogelegheiter for verdiskaping, og det er bra. Men vi skal vidare, seier statsminister Erna Solberg (H).

Saman med næringsminister Torbjørn Røe Isaksen og forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø inviterte ho toppane i norsk næringsliv, akademia og organisasjonane til ein diskusjon om teknologi og digitalisering i Trondheim 3. september.

- Ambisjonen er at Noreg skal ligge i front på forsking, utdanning og innovasjon innanfor teknologi, seier statsministeren.

IKT og digitalisering er det området som får mest offentlege pengar til forsking og utvikling i Noreg i dag. I 2017 gikk 1,2 milliardar kroner i offentleg støtte til forsking og utvikling på IKT-området gjennom program i Forskingsrådet. I tillegg blei det gitt rundt 1,5 milliarder kroner gjennom Skattefunn-ordninga der IKT-næringa er den desidert største bransjen.

- For å ta vare på velferdssamfunnet vårt, må vi omstille oss. Da er det viktig å utnytte dei mogelegheitene teknologien gir, og ta tak i utfordringane det skaper. Vi treng eit tett samarbeid mellom næringslivet og utdannings- og forskingsmiljøa. Det er viktig for konkurranseevna vår, verdiskapinga og arbeidsplassane våre, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H). 

I slutten av august fikk næringsministeren ein ny digitaliseringsstrategi frå den regjeringsoppnemnde gruppa Digital21. Dei kjem med 64 anbefalingar til digitaliseringstiltak.

Eit viktig bodskap frå Digital21 er at Noreg ikkje kan bli best i alt og derfor bør prioritere dei teknologiområda som kan gi mest for norsk næringsliv. Dei meiner at områda kunstig intelligens (AI), stordata (Big Data), tingenes internett (IoT) og autonome system kan bli særleg viktig for Noreg i tida som kjem.  

Denne digitaliseringsstrategien gir oss mange anbefalingar for korleis regjeringa kan hjelpe næringslivet med nettopp det. Det blir viktig for arbeidsplassane i framtida, og for å sikre eit berekraftig velferdssamfunn, seier næringsminister Røe Isaksen.

- Vi står overfor ei teknologisk utvikling som endrar heile måten vi arbeider, lever og samhandlar på. Aukande digitalisering endrar behova samfunnet har for kunnskap og kompetanse. Grunnleggande digital kompetanse og danning er nødvendig for alle og vil bli enda viktigare i eit stadig meir digitalisert arbeidsliv.  Difor er digitalisering eit sentralt og gjennomgåande tema i den reviderte langtidsplanen for forsking og høgare utdanning som vi legg fram snart. Utdanning og forsking innanfor teknologi er eit prioritert satsingsområde, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

Næringsministeren, statsministeren og forskning- og høyere utdanningsministeren
Næringsministeren, statsministeren og forskning- og høyere utdanningsministeren på Tech-møte i Trondheim Foto: NFD
Til toppen