Historisk arkiv

Lanserer ny strategi for digitalisering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsministeren har fått 64 forslag til digitaliseringstiltak frå den regjeringsoppnemnde Digital21-gruppa.

- Norske bedrifter må ta i bruk dei nyaste teknologitrendane, for ikkje å gå ut på dato. Denne digitaliseringsstrategien gir oss mange anbefalingar for korleis regjeringa kan hjelpe næringslivet med nettopp det. Det blir viktig for arbeidsplassane i framtida og for å sikre eit berekraftig velferdssamfunn, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Det var i industrimeldinga, som kom våren 2017, at regjeringa bestemde at arbeidet med Digital21 skulle settast i gang. Strategien gir anbefalingar om korleis næringslivet i større grad kan utvikle og dra nytte av kompetanse, teknologi og forsking i takt med digitaliseringa.

Målet har vore å lage ein strategi på tvers av bransjar og forskingsmiljø, der ein stiller seg bak felles mål og tiltak. Styringsgruppa blei utnevmnt sommaren 2017 og har vore leia av Morten Dalsmo, konserndirektør for SINTEF Digital. Digital Norway – Toppindustrisenteret har vore sekretariat for arbeidet.

Digital21 anbefaler totalt 64 tiltak innanfor fem ulike område. Dei overordna anbefalingane er:

  1. Utvikle den digitale teknologibasen som norsk næringsliv treng framover
  2. Sørge for cybersikkerheit
  3. Sikre tilstrekkeleg og riktig kompetanse
  4. Gjere dataressursar tilgjengeleg og sørge for god infrastruktur
  5. Utvikle offentleg rammeverk som gir innovasjon og digitalisering

Digitaliseringa er gjennomgripande og rører ved alle sektorar og delar av næringslivet. Eit viktig bodskap frå Digital21 er at Noreg ikkje kan bli best i alt, og derfor bør prioritere dei teknologiområda som kan gi mest for norsk næringsliv.

Digital21 meiner at områda kunstig intelligens (AI), stordata (Big Data), tingenes internett (IoT) og autonome system kan bli særleg viktig for Noreg i tida som kjem, og at det bør opprettast sterke forskingssenter for næringsretta digitalisering på desse områda. 

–Digitaliseringa kjem fort og gir mange mogelegheiter i heile næringslivet. Vi har sakna ein strategi som ser heilheten og setter ei retning. Derfor er vi glade for å legge frem Digital21 nå, seier utvalsleiar Morten Dalsmo.

Nærings- og fiskeridepartementet vil følge opp strategien, i samarbeid med Kunnskapsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.