Historisk arkiv

Samferdselsministeren vil løfte fram kommunen som arbeider best med trafikktryggleik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Lokalt trafikktryggleiksarbeid er viktig for å få ned talet på drepne og hardt skadde i trafikken. Her er kommunane viktige aktørar. Vi vil difor heidre kommunar som utmerker seg i dette arbeidet, og løfte dei fram som førebilete for andre, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Arbeidet med å velje Årets trafikktryggleikskommune 2019 er i gang. Prisen for 2019 er på ein million kroner.

Målet med prisen er å betre trafikktryggleiken ved å inspirere til betre trafikktryggleiksarbeid lokalt. Prisen skal gå til ein kommune som kan vise til godt trafikktryggleiksarbeid og til gode planer for vidare arbeid. Kommunen må ha ein trafikktryggleiksplan, mellom anna for sikring av skulevegane.

Nominasjonsprosess

Samferdselsdepartementet sender no ut invitasjon til fylkeskommunane og ber dei nominere ein eller to kommunar som har utmerkt seg i arbeidet med trafikktryggleik.

Det er Statens vegvesen som administrerer ordninga og som står for den vidare nominasjonen. Samferdselsdepartementet tek den endelege avgjerda, i samråd med Kontaktutvalet for trafikktryggleik.

Tidlegare prisvinnarar

Prisen vert i år delt ut for åttande gong. I fjor fekk Fredrikstad kommune prisen, i 2017 Kvinesdal kommune, i 2016 Ski kommune, i 2015 Alta kommune, i 2014 Bodø kommune, i 2013 kommunane Austrheim og Lindås, og i 2012 Nøtterøy kommune.