Historisk arkiv

Samferdselsministeren foreslår høgare fartsgrense på fleire strekningar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Riktige fartsgrenser er vesentlig for å kunne utnytte veginfrastrukturen best mogleg. Den respekten trafikantane har for skilta fartsgrenser avhenger også av at grensene verker fornuftige og logiske ut frå korleis trafikantane sjølv oppfattar forholda. Derfor vil vi no auke fartsgrensene på fleire strekningar rundt om i hele landet, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Foto: Frøydis Tornøe/SD

Forslaga til nye fartsgrenser sendes i dag på høring frå vegvesenet. Endringane vil kunne tre i kraft i september.

– Vi vil gjere reisekvardagen til folk så enkel, sikker og effektiv som mogleg. For å få til dette har investeringar i nye vegprosjekt hatt høg prioritet dei siste åra, og standarden på vegane er heva for at transporten skal gå raskt, effektivt og sikkert. Då er det også naturleg å sjå på kva fartsgrense som er rett på dei ulike strekningane. Vi foreslår difor no å endre fartsgrensa på seks ulike strekningar rundt om i landet, seier Dale.

Endringane gjeld for følgande seks strekningar:

Fartsgrenseendringane vil bli evaluert etter eitt og tre år. I evalueringa skal trafikktryggleiken vurderast, og det skal gis ein konkret vurdering av om fartsgrenseendringa har påverka samfunnsnytta.