Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Regjeringa vil utvide modulvegnettet – gir betre transportvilkår for norsk næringsliv

– Regjeringa vil styrke næringslivets konkurranseevne. Difor har eg no gitt Vegdirektoratet i oppdrag å utvide modulvegnettet til også å omfatte tømmervegnettet. Det vil gi næringslivet mogelegheit til å trafikkere vesentleg fleire vegar - med stor gevinst for samfunnet, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Vegdirektoratet har nyleg hatt på høyring forslag om å tillate 24 meter lange vogntog (lastebil med slepvogn på inntil 60 tonn) på modulvegnettet. I forlenginga av dette har direktoratet no fått i oppdrag å setje i gong eit arbeid for å gje desse vogntoga, og modulvogntog 1 og 2, tilgang til tømmervegnettet. Endringa vil bli gjennomført primært ved å skjerpe sporingskrava til modulvogntog 1 og 2, slik at dei får same sporingskrav som tømmervogntog. På den måten blir naudsynte krav til framkomme tatt vare på.

– Fleire næringslivsaktørar har etterspurt ei slik løysing, som vil gje auka effektivitet og konkurranseevne. Endringa vil bidra til færre vogntog på vegane ved at ein kan frakte større lass over lengre strekningar per transport. Det vil gje auka miljøgevinst og betre trafikktryggleik på norske vegar, seier samferdselsminister Dale.

Forslaget vil bli sendt på høyring ved årsskiftet 2019/2020.

Til toppen