Ny sjef for Forsvarets operative hovudkvarter

Generalmajor Rune Jakobsen vart i statsråd i dag utnemnd til generalløytnant og beordra til stillinga som sjef for Forsvarets operative hovudkvarter (FOH) i Bodø.

Jakobsen kjem frå stillinga som Generalinspektør for Hæren, og tek over jobben frå generalløytnant Morten Haga Lunde.

Generalmajor Rune Jakobsen saman med forsvarsminister Ine Eriksen Søreide under overleveringa av nye CV90 i september 2015.
Generalmajor Rune Jakobsen saman med forsvarsminister Ine Eriksen Søreide under overleveringa av nye CV90 i september 2015. Foto: Ole-Sverre Haugli, Forsvaret

Generalmajor Rune Jakobsen har gjennomført Hærens krigsskole, Grunnkurset på Forsvarets stabsskule, høgste militærakademiet i det tyske forsvaret og NATO Defence College. Han vart utnemnd til generalmajor i 2010 og vart då sjef for operasjonsstaben ved FOH. Frå 2013 har han hatt stillinga som generalinspektør for Hæren.  

Jakobsen har mellom anna tenestegjort som kompanisjef i Brigade Nord, bataljonsjef i Telemark bataljon og som Krigsskulesjef.  Han har også hatt stillinga som Norwegian Contingent Commander (NCC) i Afghanistan (ISAF X) og vore stabsjef i Hærstaben.  

Rune Jakobsen tek over stillinga som sjef for Forsvarets operative hovudkvarter frå den tida Forsvarsdepartementet avgjer.

Les mer på forsvaret.no