Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ny strategi for ein heilskapleg instituttpolitikk

For fyrste gong er instituttpolitikken gjennomgått breitt, ei felles plattform er etablert og ein ny strategi for ein heilskapleg instituttpolitikk er no lagt fram. Strategien skal sikre at framtidig politikk for sektoren blir heilskapleg og tydeleg og det er no klart avgrensa kven som er målgruppa for instituttpolitikken.

Med ei felles plattform er målet at det skal bli enklare å utvikle instituttpolitikken, slik at nye tiltak treff sektoren på ein føremålstenleg måte.

– Dei utfordringane vi har nasjonalt og internasjonalt krev forsking av høg kvalitet og kloke hovud for å løyse. I dette arbeidet spelar institutta ei viktig rolle. Den nye instituttstrategien gjer at no får vi utnytta dei betre, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

Denne rolla blir stadig viktigare dess meir det hastar med omstilling og bærekraftig utvikling.

Som alle andre samfunnsaktørar, må instituttsektoren svare på utfordringane i samfunnet og bidra til omstilling og bærekraftig utvikling.

I strategien er det sett som premiss for framtidig politikkutvikling at alle forskingssektorane må  sjåast i samanheng.

– Eit av premissa vi har sett for framtidig politikkutvikling er at vi må sjå alle forskingssektorane i samanheng. I det ligg det ei erkjenning av at politikken ikkje alltid har vore heilt samkøyrt. Det er det slutt på. For å få det beste ut av norsk forsking må vi sjå landskapet i heilskap, seier Asheim.

Den uttalte ambisjonen for  instituttsektoren er å utvikle kunnskapsgrunnlag for politikkutforming, og medverke til berekraftig utvikling og omstilling, gjennom forsking av høg kvalitet og relevans. 

For å lese meir om Instituttstrategien kan ein trykke på lenka her.

Hvis ein ynskjer å lese kunnskapsgrunnlaget for strategien så finner ein Instituttrapporten her.