Anne Nafstad Lyftingsmo ny regjeringsråd

Ekspedisjonssjef Anne Nafstad Lyftingsmo (48) er i statsråd i dag utnemnd til regjeringsråd etter Nina Frisak. Regjeringsråden er øvste administrative sjef på Statsministerens kontor.

– Med hennes lange erfaring frå statsforvaltninga er eg trygg på at Anne Nafstad Lyftingsmo vil gjera ein god jobb som regjeringsråd, seier statsminister Erna Solberg.

Anne Nafstad Lyftingsmo er i dag ekspedisjonssjef i Innanriksavdelinga på Statsministerens kontor. Ho har tidlegare jobba i Kommunal- og regionaldepartementet, blant anna som ekspedisjonssjef i Kommunalavdelinga og avdelingsdirektør i Økonomi- og mottaksseksjonen i Innvandringsavdelinga. Ho er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole, og har også jobba i ECON Analyse og Statistisk sentralbyrå.

– Dette er ein meiningsfull og utfordrande jobb, og eg takkar for den tilliten eg har blitt vist, seier Nafstad Lyftingsmo.

Nina Frisak har vore regjeringsråd sidan 16. november 2001. Lyftingsmo startar i stillinga som regjeringsråd 1. juli 2016.