Historisk arkiv

Nytt styre ved Noregs handelshøgskole

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Karen Helene Ulltveit-Moe blir ny styreleiar og Harald Espedal, Miao Reinlund og Tord Lien styremedlemar ved Norges handelshøyskole (NHH) i neste periode. Wenche Kjølås blir varamedlem.

Kunnskapsdepartementet har utpeikt ny styreleiar og nye styremedlemar ved NHH for perioden 1. august 2021 til 31. juli 2025.

– Eg er veldig glad for at desse har sagt ja til å sitje i styret. Karen Helene Ulltveit-Moe er ein erfaren leiar med lang erfaring frå både akademia og næringslivet. Eg trur det nye styret vil bidra til å styrke NHH si rolle i omstillinga i regionen gjennom eit endå tettare samarbeid mellom akademia, næringsliv og offentleg sektor. Det vil også kome studentane til gode, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Karen Helene Ulltveit-Moe (Lysaker) er professor ved Universitetet i Oslo og har lang erfaring frå samfunnslivet og styreerfaring frå mellom anna hovudstyret i Noregs Bank, og representantskapet i mellom anna Storebrand.

Nye styremedlemar:

Harald Espedal (Stavanger) er styreleiar i mellom anna ESPEDAL & CO, Solstad Offshore ASA og Lyse AS. Espedal har lang erfaring frå næringslivet og med å omstille og utvikle nye selskap.

Miao Reinlund (Bergen) er Chief Operating Officer i Sixty AS og noverande styremedlem. Reinlund er opphavleg frå Kina og har lang erfaring frå næringslivet på Vestlandet, og frå internasjonalt næringsliv. 

Tord Lien (Trondheim) er regiondirektør i NHO og er noverande styremedlem. Lien har tidlegare vore stortingsrepresentant og statsråd.    

Varamedlemar:

Wenche Kjølås (Bergen) er økonomidirektør i Grieg Maturitas. Kjølås har lang styre- og leiarerfaring frå næringslivet.

Det vil bli utpeikt eit varamedlem så snart som mogleg.

Styret har totalt 11 medlemar. Kunnskapsdepartementet utpeikar fire eksterne styremedlemar, og to varamedlemar. Dei tilsette og studentane ved NHH vel resten av  styremedlemane.