Nytt styre ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

Hanne Refsholt blir ny styreleiar og Per Holten-Andersen, Tone Ikdahl og Stein Eggan blir styremedlemar ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) i neste periode. Nye varamedlemar er Hannah Gunvor Jacobsen og Kjetil Lønnebakke Tennebø

Kunnskapsdepartementet har utpeikt ny styreleiar og nye styremedlemar ved NMBU for perioden 1. august 2021 til 31. juli 2025.

– Refsholt er ein erfaren styreleiar med lang leiarerfaring frå næringslivet. Eg er trygg på at det nye styret vil bidra til å styrke universitetet si rolle i omstillinga gjennom eit endå tettare samarbeid  med  offentleg sektor og næringsliv. NMBU har eit sterkt utdannings- og forskingsmiljø som kan utviklast endå meir slik at studentar og forskarar lukkast enda betre, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Hanne Refsholt  (Stavern) er sjølvstendig næringsdrivande. og er noverande varamedlem. Refsholt har lang leiar- og styreerfaring frå næringslivet og kjenner NMBU både frå stillinga som direktør i TINE, og frå tida då ho møtte relativt fast i styret. Tidlegare har Refsholt vore administrerande direktør for TINE, og Kjøttbransjens landsforbund. Refsholt har vore varamedlem på NMBU, og har lang styre- og leiarerfaring.

Nye styremedlemar:

Per Holten-Andersen (København) er noverande styremedlem og med lang leiarerfaring frå akademia i Danmark, sist ved stillinga som rektor ved Copenhagen Business School. Holten-Andersen har lang akademisk leiarerfaring frå ulike universitet og høgskolar i Danmark. Holten-Andersen er noverande styremedlem, og vil bidra til kontinuitet i styret. 

Tone Ikdahl (Ås) er administrerande direktør i Lovisenberg Diakonale Sjukehus. Ikdahl har lang leiar- og styreerfaring frå privat og offentleg sektor. I tillegg har ho arbeidd som forskar.

Stein Eggan (Trondheim) er administrerande direktør i NTNU Technology Transfer AS. Eggan har lang erfaring frå kommersialisering av forskingsresultat, nasjonalt og internasjonalt.

Varamedlemar:

Hannah Gunvor Jacobsen (Oslo) er investeringsdirektør, Summa Equity og har brei styreerfaring frå Norsk Gjenvinning og Sortera Group AB. 

Kjetil Lønnebakke Tennebø (Larvik) er arkitekt i PV arkitekter og har lang erfaring frå store arkitekt- og utbyggingsprosjekt.  

Styret har totalt 11 medlemar. Kunnskapsdepartementet utpeikar fire eksterne styremedlemar, og to varamedlemar. Dei tilsette og studentane ved NMBU vel resten av  styremedlemane.