Nytt styre ved Universitetet i Bergen

Valt rektor Margareth Hagen er styreleiar og Shirin Albäck Öberg, Herlof Nilssen, Marit Warncke og Morten E. Iversen blir styremedlemar ved Universitetet i Bergen i neste periode. Nye varamedlemar er Kamilla Sharma og Vincent Mrimba.

Kunnskapsdepartementet har nemnt opp ny styreleiar og nye styremedlemar ved UiB for perioden 1. august 2021 til 31. juli 2025.

– Eg trur det nye styret vil bidra til å styrke og utvikle UiB si rolle vidare. Universitetet i Bergen (UiB) er eit breiddeuniversitet med strategiske satsingsområde på det marine, klima og energiomstilling - og globale samfunnsutfordringar. Resultata på forskingssida er gode og stabile og eit godt utgangspunkt for UiB til å bli betre, og ha enda høgare ambisjonar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Nye styremedlemar:

Shirin Albäck Öberg (Uppsala) er professor i statsvitskap på Universitetet i Uppsala der han forskar og underviser i styring av offentleg sektor. Öberg har lang akademisk leiar- og styreerfaring, og er no medlem av den svenske koronakommisjonen. 

Herlof Nilssen (Randaberg) er styreleiar i Nasjonalt Kunnskapssenter om Vold og Traumatisk stress (NKVTS AS) med lang leiar- og styreerfaring frå helsesektoren og offentlege verksemder. 

Marit Warncke (Bergen) er administrerande direktør i Bergen næringsråd og har lang leiar- og styreerfaring frå mellom anna NHH og Vinmonopolet. Warncke har tidlegare erfaring som forskar og er tildelt Sunnivaprisen og Christieprisen.

Morten Iversen (Oslo) er investor, rådgjevar og tidlegare prosjektleiar i Boston Consulting Group. Iversen har lang erfaring med kommersialisering av kunnskapsintensivt næringsliv og har utdanning frå NTNU og London School of Economics. 

Varamedlemar:

Kamilla Sharma (Kristiansand) er administrerande direktør i Innventus Sør AS. Sharma har lang leiarerfaring og har bidratt til fleire gründersuksessar. Sharma har styreerfaring, og blei kåra til årets leiar på Sørlandet i 2017.

Vincent Mrimba (Bergen) er direktør i Kulturetaten i Bergen kommune. Han har leiar- og styreerfaring frå mellom anna Grieghallen og Noregs handballforbund.

Styret har totalt 11 medlemar. Kunnskapsdepartementet har oppnemnt fire eksterne styremedlemar og to varamedlemar. Dei tilsette og studentane ved UiB vel resten av  styremedlemane.