Nytt styre ved Universitetet i Oslo

Valt rektor Svein Stølen held fram som styreleiar og Kristin Clemet, Eirik Fransen, Maria Strømme og Qaisar Farooq Akram blir styremedlemar ved Universitetet i Oslo i neste periode. Nye varamedlemar er Anita Hager og Benedikt Goodmann.

Kunnskapsdepartementet har utpeikt ny styreleiar og nye styremedlemar ved Universitetet i Oslo for perioden 1. august 2021 til 31. juli 2025.

– Eg er veldig glad for at desse har sagt ja til å sitje i styret. Eg trur det nye styret vil bidra til å løfte UiO ytterlegare i retning av å vere eit leiande forskingsuniversitet ikkje berre nasjonalt, men også internasjonalt. Styret vil også vere viktig for å styrke innovasjonsarbeidet og bidra til eit enda tettare samarbeid mellom UiO, næringslivet og offentleg sektor. Det vil også komme studentane til gode, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Nye styremedlemar:

Kristin Clemet frå Oslo er dagleg leiar av Civita. Clemet er tidlegare utdannings- og forskingsminister og fornyings- og administrasjonsminister. Ho har brei og lang bakgrunn frå politikk og samfunnsliv.

Eirik Fransen (Narvik) er administrerande direktør i Nordkraft og tidlegare administrerande direktør i Bravida Norge. Frantzen har lang erfaring frå næringslivet i Nord-Noreg og Norden.

Maria Strømme (Uppsala) er professor ved Uppsala universitet med tung akademisk bakgrunn. Strømme er høgt merittert innanfor naturvitskap og har leiarkompetanse, både organisatorisk og fagleg.

Qaisar Farooq (Oslo) er forskingsdirektør i Noregs Bank og blir reoppnemnd til UiO-styret for ein ny periode. Farooq har internasjonal erfaring og solid kompetanse innan finans, forsking og offentleg forvalting.  

Varamedlemar:

Benedikt Goodman (Oslo) er prosjektleiar i Postcode Lotteries Green Challenge. Goodman har styreerfaring frå NMBU og frå arbeid i akademia.

Anita Hager (Gjøvik) er dagleg leiar i Intek Engineering AS og styremedlem i Topro AS. Hager har bakgrunn som leiar frå selskap som driv med batterifabrikk og automatisering/ robotisering.

Styret har totalt 11 medlemar. Kunnskapsdepartementet har oppnemt fire eksterne styremedlemar og to varamedlemar. Dei tilsette og studentane ved UiO vel resten av  styremedlemane.