Nytt utval for betre kvalitet og rettstryggleik i barnevernet

Barne- og familieministeren set ned eit ekspertutval som skal bidra til å utvikle barnevernet vidare.

– No skjer det meir i barnevernet enn det har gjort på veldig lang tid. Samtidig er det framleis behov for betre løysingar på nokre av dei utfordringane barnevernet står framfor. Vi ser særleg at det er naudsynt å finne ut korleis barnevernet kan bli betre til å møte barn og familiar med dei aller største behova, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Professor Marit Skivenes frå Universitetet i Bergen skal leie utvalet. Utvalet skal vurdere rettstryggleiken i ulike fasar i arbeidet til barnevernet, og korleis barnevernet kan sørgje for betre kvalitet og rettstryggleik i dei mest alvorlege og samansette sakene. Dei skal òg vurdere korleis tilbodet til dei barna som treng mest oppfølging, bør innrettast. Dette omfattar tema om korleis barnevernet kan

  • få betre tilgang på kompetanse og tiltak i dei vanskelegaste sakene
  • sikre høg kvalitet på avgjerdsgrunnlaget i tvangssaker
  • styrkje oppfølginga av foreldre etter omsorgsovertaking med sikte på at barn og foreldre kan gjenforeinast
  • sørgje for eit institusjonstilbod som betre tar hand om barna med særleg omfattande behov for oppfølging

­– Dei tilsette i barnevernet har ein viktig og krevjande jobb. Det er stor breidde i dei sakene barnevernet må handtere. Dei som møter barnevernet, opplever at det ligg mykje makt i at barnevernet kan undersøkje og stille spørsmål ved om foreldre gjev barna sine god nok omsorg. Vi treng eit lydhøyrt barnevern. Eit barnevern med høg tillit. Og eit barnevern som har god kompetanse, held høg fagleg kvalitet og sikrar rettstryggleiken, seier Ropstad.

Utvalet skal under arbeidet hente inn innspel frå barn og foreldre med erfaring frå barnevernet.

Om utvalet:

Utvalsleiar er Marit Skivenes frå Bergen. Ho er professor i statsvitskap ved Universitetet i Bergen. Skivenes er ein internasjonalt anerkjent barnevernsforskar som blant anna har forska på undersøkingar og avgjerder i barnevernet, tersklar for omsorgssvikt og barn sine rettar og medverknad. Ho har god innsikt i praksisen i barnevernet og korleis barnevernet er organisert i Noreg og i andre land.

Utvalet har desse medlemmene:

  • Karl Harald Søvig, Bergen, professor og dekan ved juridisk fakultet ved UiB
  • Lars Marius Heggberget, Melhus, kommuneadvokat i Trondheim kommune
  • Ingrid Lauvås, Haugesund, advokat og partnar i Elden Advokatfirma
  • Kjell Gunnar Salvanes, Bergen, professor i økonomi ved Norges Handelshøyskole
  • Trygve Apeland, Sandnes, kommunedirektør i Time kommune
  • Camilla Røneid Flesland, Nittedal, styremedlem i Landsforeningen for barnevernsbarn
  • Kharim Lekhal, Oslo, psykologspesialist ved Bufetat region øst
  • Ingvild Aleksandersen, Oslo, assisterande statsforvaltar i Oslo og Viken
  • Jorunn Berland Øpsen, Bergen, privatpraktiserande psykologspesialist
  • Anne Grethe Klæboe, Vestby, nestleiar i Aberia distrikt øst
  • Pål Christian Bergstrøm, Tromsø, direktør i Bufetat region nord
  • Dag Øystein Nordanger, Bergen, professor i psykologi ved OsloMet / forskar ved RVTS Vest

Etter planen startar arbeidet opp i mai 2021. Utvalet skal levere utgreiinga 18 månader etter oppstart. 

Les mandatet her.