Offentleggjering av stortingsmeldinga om kvalitet i høgare utdanning

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen presenterer stortingsmeldinga om kvalitet i høgare utdanning ved Universitetet i Oslo fredag 27. januar.

Kunnskapsministeren legg fram stortingsmeldinga Kultur for kvalitet i høgare utdanning fredag 27. januar. I samanheng med det vil han møte studentar og snakke om innhaldet i meldinga. 

Det vil vere høve for pressa å intervjue kunnskapsministeren i samband med arrangementet. 

Vi ber journalistar som ønsker å intervjue kunnskapsministeren kontakte kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet, Ragnhild Skaara Imset, tlf.: 93435930, e-post: rask@kd.dep.no 

Stad: Universitetet i Oslo, Realfagsbiblioteket (Vilhelm Bjerknes’ hus – 1.-etasje),  Moltke Moes vei 35, 0851 Oslo.

Tid: Fredag 27. januar klokka 12:00-12:45.