Historisk arkiv

Ole Arve Misund ny direktør ved NIFES

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Ole Arve Misund er i statsråd utnemnt til ny direktør for Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) i Bergen. NIFES forskar på fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.

- NIFES skal vere ein  leiande kunnskapsleverandør innanfor fiskeernæring og trygg og sunn sjømat  nasjonalt og internasjonalt. Med Ole Arve Misund  har instituttet fått ein sterk leier med klare mål om å utvikle NIFES vidare.  Dette er viktig for å styrkje Noreg som sjømatnasjon, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Ole Arve Misund  (58) er i dag administrerande direktør ved Universitetssenteret på Svalbard. Han er utdanna  cand. scient og dr. philos i fiskeribiologi frå Universitetet i Bergen og har hatt ulike forskar og leiarstillingar, blant anna som forskingsdirektør ved Havforskningsinstituttet.

- NIFES er unike ved at dei forskar på heile kjeda frå fôr til fisken og ut til helseeffektane på forbrukarane. Deira kunnskap er viktig for å sikre trygg sjømat og ei berekraftig utvikling framover, seier fiskeriministeren.

Ole Arve Misund er tilsett på åremål for seks år, med mogleg forlenging i ytterlegare éin periode. Han tiltrer i februar.

Fakta om NIFES

NIFES er eit forvaltingsorgan under Nærings- og fiskeridepartementet. Instituttet har ei fri og uavhengig rolle i alle faglege spørsmål.

Instituttet har i dag ca. 140 årsverk, og er lokaliserte i Bergen. Instituttet forvaltar  forskingsinfrastruktur i form av analysemetodar og laboratorium - og har ei årleg omsetnad på om lag 155 mill. kroner.