Per Edgar Kokkvold ny leiar for Kringkastingsrådet

Kongen i statsråd oppnemnde fredag sine medlemer til Kringkastingsrådet for perioden 2014 - 2017. Stortinget oppnemnde sine medlemmer i desember.

Kongen i statsråd oppnemnde fredag sine medlemer til Kringkastingsrådet for perioden 2014 - 2017.  Stortinget oppnemnde sine medlemmer i desember.

- Vi har lagt vekt på både kontinuitet og nye namn. Medlemmene har stor samfunns- og mediekompetanse. Vi går også bort frå prinsippet om å oppnemne ein leiar som høyrer til eit politisk parti, og legg vekt på kompetanse på mediefeltet når vi utnemner Per Edgar Kokkvold som leiar. Han vil bidra til å vitalisere diskusjonane i Kringkastingsrådet saman med resten av medlemmene. Kokkvold har gjennom si tid som mangeårig leiar av Norsk Presseforbund vore ei markant røyst i ordskiftet om presseetikk, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Etter oppnemningane blir det nye rådet:

Leiar: Per Edgar Kokkvold, Drøbak (ny)
Varamedlem: Rune Hetland, Vikebygd (ny)
Nestleiar: Kjersti Thorbjørnrud, Oslo
Varamedlem: Mona Solbakk, Birtavarre (ny)
Medlem: Frank Rossavik, Bergen
Varamedlem: Henning Warloe, Bergen (ny)
Medlem: Beate Bø Nilsen, Sortland (varamedlem 2010-14)
Varamedlem: Hannah Wozene Kvam, Oslo (ny)
Medlem: Hallvard Moe, Bergen (ny)
Varamedlem: Ola By Rise, Trondheim (ny)
Medlem: Elin Ørjasæter, Oslo (ny)
Varamedlem: Randi Wenche Haugen, Trondheim (ny)

Stortinget oppnemnde 3. desember 2013 desse medlemene:

Medlem: Sigvald Oppebøen Hansen, Nissedal
Varamedlem: Espen Granberg Johnsen, Lillehammer
Medlem: Mette Gundersen, Kristiansand
Varamedlem: Inger Løite, Sundebru
Medlem: Afshan Rafiq, Oslo
Varamedlem: Elizabeth Skogrand, Røyken
Medlem: Marvin Wiseth, Trondheim
Varamedlem: Jens Johan Hjorth, Tromsø
Medlem: Finn Egil Holm, Sande i Vestfold
Varamedlem: Ingvil Smines Tybring-Gjedde, Oslo
Medlem: May-Helen Molvær Grimstad, Ålesund
Varamedlem: Thor Bjarne Bore, Stavanger
Medlem: Erlend Grimstad, Skedsmo
Varamedlem: Line Gaare Paulsen, Oslo

Kringkastingsrådet er eit rådgjevande organ for Norsk rikskringkasting. Rådet skal drøfte og uttale seg om hovudlinene for programverksemda i Norsk rikskringkasting.  Åtte av medlemane i rådet blir oppnemnt av Stortinget, medan seks blir oppnemnt av Kongen i statsråd.

I tillegg er den som til einkvar tid er leiar for Samisk Programråd medlem i rådet, og like eins er nestleiaren i Samisk Programråd personleg varamedlem for leiaren.
Det er Sametinget som oppnemner Samisk programråd.