Presenterer ekspertutval for grøn konkurransekraft

Statsminister Erna Solberg og klima- og miljøminister Tine Sundtoft lanserer eit ekspertutval for grøn konkurransekraft tysdag 16. juni kl. 10.15. Solberg og Sundtoft vil presentere mandatet og målet for utvalet. Dei to som skal leie arbeidet er også til stades på pressekonferansen.

Stad: Statsministerens kontor, Glacisgata 1, VIP-rommet. Oppmøte for presse seinast kl. 09.45. Pressefolk som ønskjer å dekke hendinga må ha med pressekort og id.

Nett-tv Presenterer ekspertutval for grøn konkurransekraft

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Pressekontakt for statsministeren er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886, og kommunikasjonsrådgjevar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.

Pressekontakt for klima- og miljøministeren er kommunikasjonsrådgjevar Erik Aasheim, telefon 402 24 747. Aasheim er også kontaktperson for utvalet.