Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Fiskeriministeren til Bømlo, Stord og Austevoll

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker gjestar Bømlo og Stord på onsdag 1. juli, og Austevoll torsdag 2. juli. Fiskeriministeren ønskjer innspel frå næringa til arbeidet med stortingsmeldinga om sjømatindustrien og oppfølginga av havbruksmeldinga.

- Dette er ei av dei viktigaste regionane for norsk sjømatnæring. Og det er veldig viktig for meg å få innspel frå næringslivet når vi no skal utforme ein framtidsretta og berekraftig sjømatpolitikk, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

I Bømlo møter fiskeriministeren Bremnes Seashore, der får ho sjå nærmare på ein ny ventemerd på land. Ho møter også AGA Halibut, og synfare deira anlegg for kveiteoppdrett. På Stord møter ho Akvator, og får ei orientering om kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger.

I Austevoll skal fiskeriministeren opne Heimelaga, ein ny fiskebutikk som også er eit fiskemottak. Dei handlar fersk fisk rett frå kai. Ho skal møte næringa, og gjeste forskingsstasjonen til Havforskningsinstituttet. Her får ho også presentert planane for Blått kompetansesenter sør.