Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Fiskeriministeren til Singapore og Indonesia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Handel med Asia og møte med norske sjømatbedrifter står på programmet når fiskeriminister Per Sandberg besøker Singapore og Indonesia 16.-18. april.

I Singapore skal Sandberg delta på ein stor konferanse for norske bedrifter i Asia, Norway-Asia Business Summit. Han skal også møte representantar frå styresmaktene i Singapore og vere med på eit arrangement for norsk sjømat.

Efta og Indonesia jobbar med å få på plass ein frihandelsavtale. Dette vil vere eit viktig tema når Sandberg møter sine indonesiske kollegaer.

Indonesia er verdas fjerde mest folkerike nasjon, og har store mogelegheiter innan energi, fiskeri, oppdrett, skipsfart og maritim industri. 

For fleire detaljar om programmet, kontakt kommunikasjonssjef Martine Røiseland, mrd@nfd.dep.no, mobil 97055024.