Presseinvitasjon

Overlevering av rettshjelpsutvalet si utgreiing

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Rettshjelpsutvalet overleverer «NOU 2020: 5 Likhet for loven: Lov om støtte til rettshjelp» til justis- og beredskapsminister Monica Mæland i morgon, torsdag 30. april.

Nett-tv Overlevering av rettshjelpsutvalet si utgreiing

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Rettshjelpsutvalet blei nedsett i oktober 2018. Da var det ti år sidan ordninga sist blei vurdert. Utvalet fekk i mandat å vurdere kva ein kan gjere for å bruke midla til ordninga for fri rettshjelp på ein meir rettferdig, målretta og kostnadseffektiv måte.

Dommar Ingebjørg Tønnessen har leia arbeidet med utgreiinga.

Pressekonferansen streames på regjeringa.no.

Stad: Gullhaug torg 4 A, Nydalen

Tid: Torsdag 30. april klokka 10 (kl. 9.45 for registrering).

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Linda Hafstad 470 38 968

Av omsyn til smittevern ønskjer vi at pressa melder seg på førehand.

Fleire omfattande tiltak er innført for å hindre spreiing av korona-viruset i befolkninga. Departementa og SMK har innført avgrensingar for nærvær i sine lokale for å hindre spreiing av viruset blant besøkjande og tilsette. Me legg til grunn at frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine tilrådingar for smittevern. Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon.