Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Røe Isaksen til Ålesund og Brattvåg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Tysdag 12. februar reiser næringsminister Torbjørn Røe Isaksen til Brattvåg for å delta på Haramskonferansen. Deretter skal han halde et innspelsmøte i Ålesund for små og mellomstore bedrifter. Journalister er velkomne til å delta.

– Havet er viktig for norsk økonomi, og vil vere ein sentral kjelde til verdiskaping og arbeidsplassar for Noreg i framtida. Den aukande verdsbefolkninga har behov for nye jobbar, nok og riktig mat, medisinar og reint miljø. Mange av desse behova dekkes gjennom berekraftig bruk av havet, og Noreg har allereie fleire verdsledande aktørar, seier næringsministeren.

På Haramskonferansen held han eit innlegg med tittelen "Regjeringa sin politikk for å sikre berekraft", som vil ha hovudfokus på regjeringas satsing på havet.

Deretter reiser han vidare til Ålesund kor han har invitert maritime bedrifter på Nordvestlandet til å kome med innspel til den nye strategien for små og mellomstore bedrifter (SMBar), som regjeringa jobbar med og som skal vere ferdig sommaren 2019. Strategien er relevant for neste alle norske bedrifter. Så mykje som 99,4 pst. av bedrifter i Noreg har under 100 tilsette. Difor er det viktig at regjeringas næringspolitikk treff desse bedriftene.

Næringsministeren ynskjer å høyre meir om kva myndighetene kan gjere for aukande verdiskaping, vekstkraftige bedrifter og lønsamme arbeidsplasser, og han ønsker ein direkte dialog med bedriftene sjølv for å lære meir om korleis regjeringa kan leggje til rette for at næringspolitikken skal treffe dei små og mellomstore bedriftene best mulig.

– Små og mellomstore bedrifter er ryggraden i norsk næringsliv. Den jobben dei gjer kvar dag, er med på å sikre arbeidsplasser og eit berekraftig velferdssamfunn. Det viktigaste vi som regjering kan gjere, er ofte rett og slett å ikkje stå i vegen. Vi skal forenkle kvardagen til bedriftene og gjere det enklare for dei å gjere jobben sin, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Program:

  • Klokken 10-11: Innlegg på Haramskonferansen. Stad: Ingebrigt Davik Huset i Brattvåg.
  • Klokken 12-12:40: Innspelsmøte til regjeringas strategi for små og mellomstore bedrifter. Stad: Norsk Maritimt Kompetansesenter

Les meir om strategien her