Presseinvitasjon: Røe Isaksen til Raufoss

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) besøker Raufoss måndag 5. februar. Han skal markere at den nye katapulten "Norwegian Manufacturing Technology Center" skal leggast til Raufoss industripark.

- Dette blir eit nasjonalt teknologisenter som skal gjere norsk industri grønare, smartare, meir nyskapande og meir produktivt, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

I oktober 2017 blei det klart at Sintef Raufoss Manufacturing får 24 millionar kroner for å etablere eit nasjonalt katapult-senter. Desse testsentera skal vere sløydsalar for næringslivet, der bedrifter kan  prøve ut nye løysingar og ny teknologi.

Under markeringa måndag vil næringsministeren få ein nærmare orientering om korleis senteret vil sjå ut. Pressen er velkomen til å delta.

Program:

  • Klokka 09.30-10.00 – Registrering  i Raufoss industripark, bygg 5. 
  • Klokka 10.00-12.00 – Markering av den nye katapulten i regi av SINTEF Raufoss Manufacturing og NCE Raufoss.
  • Klokka 12.00 – Lunsj