Presseinvitasjon: Røe Isaksen til Telemark og Vestfold

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen møter bedrifter i Porsgrunn, Skien og Stokke onsdag 25. juli. Pressa er velkommen til å delta på heile besøket.

- Det neste halvåret skal eg særleg fokusere på norsk industri, og skal i den forbindelse besøke industribedrifter over heile landet. Da er det naturleg at eg startar heime i Telemark, som jo har eit av dei sterkaste industrimiljøane i Noreg, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Regjeringa la i 2017 frem ein eigen industrimelding som blei lansert av statsministeren nettopp på Herøya industripark. Meldinga kjem med ein rekke industritiltak som næringsministeren nå jobbar med. Les meir her. 

Regjeringa har også nyleg lagt frem ein eigen datasenterstrategi, som understraker at Noreg skal vere ein attraktiv nasjon for datasenter, og at datasenter kan bli ein viktig næring for Noreg i framtida. Les meir her. 

Program

  • 08.30 – Besøk til Herøya Industripark.
  • 10.20 – Besøk hos Green Clean AS. 
  • 11.30 – Møte i Skien kommune om nyetablering av datasenter på Gromstul. 
  • 12.30 – Synfaring på Gromstul.
  • 14.15 – Besøk hos Fosstech AS
  • 15.20 – Besøk hos Volmax AS

*Merk. Alle besøk er opne for pressa. Det kan komme endringar på tidspunkt i programmet, ta kontakt med pressekontakt for siste oppdateringar. 

 

Til toppen