Pressekonferanse om koronasituasjonen

Dette innhaldet er meir enn 30 dagar gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert. Du finn oppdatert informasjon på temasida Koronasituasjonen.

Statsminister Erna Solberg, kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad inviterer til pressekonferanse om koronasituasjonen 26. oktober kl. 16.00.

Nett-tv Pressekonferanse om koronasituasjonen

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Helse- og omsorgsminister Bent Høie, direktør i Helsedirektoratet Bjørn Guldvog og direktør ved Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg, vil òg vere til stades.

Tidspunkt: Måndag 26. oktober kl. 16.00.
Stad: Marmorhallen i Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20.

Oppmøte for presse seinast kl. 15.45. Ta med gyldig pressekort og ID. Me har avgrensa tal på plassar til pressa og ber kvar redaksjon om å halde talet på deltakarar på eit minimum. Ved stor pågang kan det bli aktuelt å be presse om å følgje pressekonferansen digitalt.

Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon om smittevern.

Statsministerens kontor legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressebriefen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/k7fvkgpt/wowza.js' type='text/javascript'></script>

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Pressekontakt for kunnskaps- og integreringsministeren er kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, telefon 97 67 72 47, e-post cathrine.slaaen@kd.dep.no.

Pressekontakt for barne- og familieministeren er statssekretær Julie Kristine Kordahl, telefon 90 08 95 28.

Pressekontakt for helse- og omsorgsministeren er kommunikasjonsrådgivar Nina Husom, telefon 91 39 56 08, e-post nina.husom@hod.dep.no.