Endringar i regjeringa

Kongen har i statsråd i dag gjort endringar i regjeringa.

Statssekretær Odd Emil Ingebrigtsen er utnemnd til fiskeri- og sjømatminister.

Stortingsrepresentant Guri Melby er utnemnd til kunnskaps- og integreringsminister.

Samtidig har statsråd Trine Skei Grande fått avskil i nåde som kunnskaps- og integreringsminister og statsråd Torbjørn Røe Isaksens mellombelse styre av fiskeri- og sjømatsaker i Nærings- og fiskeridepartementet opphøyrer.

Endringane gjeld frå i dag kl. 13.00.

Pressekonferanse om endringane kl. 11.30

Nett-tv Endringar i regjeringa

Se sendingen her

Se sendingen her

Regjeringa er utgått frå Høgre (H), Venstre (V) og Kristeleg Folkeparti (KrF). Regjeringslista ser no slik ut:

Statsminister
Erna Solberg (H)

Næringsminister
Iselin Nybø (V)

Barne- og familieminister
Kjell Ingolf Ropstad (KrF)

Finansminister
Jan Tore Sanner (H)

Justis- og beredskapsminister
Monica Mæland (H)

Helse- og omsorgsminister
Bent Høie (H)

Utanriksminister
Ine Eriksen Søreide (H)

Arbeids- og sosialminister
Torbjørn Røe Isaksen (H)

Distrikts- og digitaliseringsminister
Linda Hofstad Helleland (H)

Forsvarsminister
Frank Bakke-Jensen (H)

Kommunal- og moderniseringsminister
Nikolai Astrup (H) 

Samferdselsminister
Knut Arild Hareide (KrF)

Landbruks- og matminister
Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Utviklingsminister
Dag Inge Ulstein (KrF)

Forskings- og høgare utdanningsminister
Henrik Asheim (H)

Kultur- og likestillingsminister
Abid Raja (V) 

Olje- og energiminister
Tina Bru (H)

Klima- og miljøminister
Sveinung Rotevatn (V)

Fiskeri- og sjømatminister
Odd Emil Ingebrigtsen (H) 

Kunnskaps- og integreringsminister
Guri Melby (V)