Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Rapport om førebygging av korrupsjon blant stortingsrepresentantar, dommarar og påtalejuristar

Europarådet sitt antikorrupsjonsorgan GRECO publiserte nyleg den avsluttande rapporten om førebygging av korrupsjon i Stortinget, domstolar og påtalemakt i Noreg.

Den opphavlege rapporten om Noreg i denne evalueringsrunden blei publisert i juni 2014. Noreg fekk då sju tilrådingar, der fire handla om Stortinget og tre om justissektoren.

GRECO har no utarbeidt sin andre oppfølgingsrapport av Noreg. Denne blei behandla på GRECO sitt plenumsmøte i mars 2019.

Konklusjonen er at Noreg no har følgt opp alle tilrådingar på ein tilfredsstillande måte, og GRECO er svært positive til Noreg si oppfølging av tilrådingane som blei gitt.

Dei øvrige tilrådinga til påtalemakta gjaldt mellom anna styrkt medvitsgjering om dei etiske retningslinjene blant påtalejuristane. Denne tilrådinga vurderast som no tilfredsstillande følgt opp, mellom anna ved at dei etiske retningslinjene er gjorde gjeldande for alle påtalejuristar og ved innføring av dilemmatrening på ulike fagsamlingar.

Last ned rapport:

Meir informasjon:

Til toppen