Reduserte bompengesatsar for biogasskøyretøy i Oslo: Samferdselsministeren er positiv og vil ha rask avklaring

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Samferdselsminister Jon Georg Dale ber Vegdirektoratet så raskt som mogleg sjå på om køyretøy som bruker 100 prosent biogass kan få redusert takst i bomringen i Oslo. – Eg ønskjer ein snarast mogleg løysing for mindre bompengar for næringslivet, seier Dale.

Styringsgruppa for Oslopakke 3 har vedtatt å gi redusert takst til biogasskøyretøy. Styringsgruppa har bedt Vegdirektoratet starte dei nødvendige prosessane for å få til ein slik takstreduksjon.

I brev til Vegdirektoratet i dag ber samferdselsministeren om at Vegdirektoratet innan 11. juni nærare orientere han om kva for opplegg og plan dei har for å få avklart om det er noko til hinder for at forslaget om redusert takst kan gjennomførast.

- Vegdirektoratet skal vurdere korleis redusert takst eller fritak for køyretøy som brukar biogass kan handterast i samband med passering i bomringen. Dei skal sjå på korleis ein kan kontrollere at køyretøya bruker biogass eller anna gass. Eg har også bedt Vegdirektoratet om å involvere lokale myndigheter i arbeidet på egna måte, seier Dale. 

Brev til Vegdirektoratet (pdf)