Historisk arkiv

Regjeringa foreslår 30 millionar kroner ekstra til folkehøgskular og vitensenter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa foreslår å kompensere folkehøgskulane, vitensenterane og to freds- og menneskerettssenter med 30,1 millionar kroner. Midla skal dekke meirutgifter og inntektstap som følgje av koronapandemien.

– Dette er institusjonar som gjev viktige tilbod til tusenvis av unge menneske kvart år. Under koronapandemien har fleire av dei mista store inntekter og fått auka utgifter. Difor foreslår vi å gje folkehøgskulane, vitensentera, Narviksenteret og Falstadsenteret ekstra støtte for å avhjelpe situasjonen, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

10 millionar kroner til folkehøgskulane

Folkehøgskulane må òg stille seg til nye smitteverntiltak. Det fører til at skulane får auka utgifter til utstyr, tilpassing av bygg til smittevern, reinhald og personell. Difor foreslår Kunnskapsdepartementet å auke løyvinga til folkehøgskulane med 10 millionar kroner i nysalderinga av statsbudsjettet for 2020.

– Med desse midla får skulane kompensasjon for å tilpasse undervisninga etter dei smittevernsbestemmingane som gjeld og behovet elevane har. Folkehøgskulane er eit viktig og godt tilbod som fremmar allmenndanning og folkeopplysning. Det er viktig for meg at dei kan halde fram med å gje eit godt tilbod i situasjonen vi er i, seier Melby.

Halvparten av pengane blir fordelt likt mellom skulane, medan den resterande halvparten blir fordelt etter elevtal.

Vitensentera får 18,6 millionar kroner

Vitensentera skal auke interessa for realfag og teknologi blant barn og unge. Desse får ein stor del av inntektene sine frå billettsal og besøk av skuleklassar. Som følgje av koronapandemien har inntektene vorte betydeleg redusert.

Kunnskapsdepartementet foreslår difor å auke løyvinga til vitensentera med 18,6 millionar kroner for å kompensere for inntektssvikten.

– Vitensentera gjev barn og unge fantastiske moglegheiter til å utforske og oppleve realfag og teknologi på nye og spennande måtar. Med desse midla vil vi bidra til at vitensentera kan halde fram med å gje eit godt og attraktivt tilbod òg når vi går tilbake til ein normalsituasjon, seier Melby.

I tillegg foreslår Kunnskapsdepartementet ekstraløyvingar til to av freds- og menneskerettssentera. I nysalderinga blir det sett av 1 million kroner for å kompensere for inntektssvikt for Narviksenteret og 500 000 kroner for å kompensere for auka utgifter og færre besøk hos Falstadsenteret i Levanger.