Regjeringa går for lang Strynefjellstunnel - alternativ B1

- Regjeringa er opptatt av å sikre trygge og effektive reisevegar for både næringsliv og folk flest. Strynefjellstunnelane har behov for utbetringar, og fleire alternative løysingar har vore utreda. Regjeringa har no beslutta at Statens vegvesen skal legge til grunn løysinga med lang tunnel som erstatning for Strynefjellstunnelane på rv 15. Den løysinga gir best framkommelege på lang sikt og bidrar med minst mogeleg problem for trafikantane i byggeperioden. Dette kjem alle brukarane av Strynefjellet til gode, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Samferdselsdepartementet vel å gå vidare med planlegging av konseptet på rv 15 over Strynefjellet som gir ny fjelltunnel på det meste av strekningen – det såkalla B1-konseptet. Alternativet gjer det mogleg å bygge ny veg samtidig som folk framleis kan bruke den gamle.

Det vil også bli lagt til rette for tilkopling til ny veg frå Geiranger. Vegen er ein fylkesveg og det er derfor fylkeskommunane som må prioritere pengar til ei eventuell utbetring av strekninga.

- Eg har vore i regionen ved fleire anledningar for å køyre strekninga, møte næringsliv og lokale myndighetar. Dette har vore nyttig i vår prosess med å ta beslutning. Nå ser vi frem til at alle parter jobbar godt saman for å finne gode løysningar som gir høy nytte og lave kostnader for prosjektet, seier Solvik-Olsen.

Samferdselsdepartementet vil no sende eit oppdrag til Statens vegvesen om å halde fram planlegginga av ny fjelltunnel, slik at den kan vurderast inn i arbeidet med Nasjonal transportplan 2022-33.

For meir informasjon:

- Oppdragsbrevet til Statens vegvesen (pdf)