Historisk arkiv

Regjeringa gratulerer Sørlandet med internasjonal pris i næringsutvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

NCE (Norwegian Centre of Expertise) NODE fekk i dag sertifiseringa Gold Label under European Cluster Conference i Wien. NCE NODE er den fyrste blant 200 europeiske næringsklyngjer som no har fått den gjevaste sertifiseringa. Det er EU, gjennom European Secretariat for Cluster Analysis, som står bak utmerkinga.

NCE (Norwegian Centre of Expertise) NODE fekk i dag sertifiseringa Gold Label under European Cluster Conference i Wien. NCE NODE er den fyrste blant 200 europeiske næringsklyngjer som no har fått den gjevaste sertifiseringa. Det er EU, gjennom European Secretariat for Cluster Analysis, som står bak utmerkinga.

NCE-programmet er eit nasjonalt klyngjeprogram som gjennomførast i samarbeid mellom Innovasjon Norge, SIVA og Norges forskningsråd. NCE NODE er ei av 12 klyngjer i programmet, og består  av olje- og gassbedrifter og kunnskapsmiljø på Sørlandet.

- Eg er mektig stolt over NCE NODE som i dag har fått Gold Label. Eg veit dei jobbar hardt, men får og stadig betre resultat i ein tøff internasjonal marknad, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Utmerkinga vitnar om Sørlandet sin posisjon innan olje og gass internasjonalt. Her jobbar ein godt i lag om nyskaping!

Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for utvikling av sterke næringsklyngjer i heile landet. Eit slikt samarbeid gjev gevinstar for bedrifter, regionar, utdanningsmiljø, stadutvikling og enkeltmenneske. Bedrifter og stader er gjensidig avhengige av kvarandre.

- Gjennom NCE- programmet kan me styrkje dei regionale klyngjene som allereie er leiande internasjonalt, og hjelpe fram fleire miljø til å verte motorar for næringsutvikling. Denne utmerkinga syner at regjeringa sin politikk gir resultat, seier nærings- og handelsminister Trond Giske.

Meir om sertifiseringa:

• Siden 2009 har EU-programmet, European Clusters Excellence Initiative, arbeidet med å utvikle en ordning for benchmarking og sertifisering av europeiske næringsklynger.
• Mer enn 200 europeiske klyngeorganisasjoner har gått gjennom en grunnleggende benchmarking, som kan lede frem til «bronze label»-sertifisering.
• Olje- og gassklyngen på Sørlandet, NCE NODE, har sammen med en tysk og en fransk næringsklynge blitt plukket ut til å bli de første næringsklyngene som får gjennomgå en mer omfattende benchmarking, som leder frem til «gold label»-sertifisering.
• Formålet med ordningen er å få et felles system for kvalitetsmåling og sertifisering av klyngeorganisasjoner, samt at benchmarkingen skal lede til at næringsklynger kan dele kunnskap og erfaring.
• Gjennom benchmarkingen måles klyngeorganisasjonene på 31 parametere innenfor ledelse og organisasjon, samarbeidsevne, nærhet til bedriftene i klyngen, evne til utvikling av regionale innovasjonssystemer, strategi og forankring.
• Presentasjon av de første «gold label»-sertifiserte næringsklyngene skjer på European Cluster Conference 2012 i Wien, 18. – 20. april, der representanter fra næringsklynger i 41 land deltar.
• «Gold label»-sertifiseringen gjelder for to år av gangen, før man må gjennomgå en fornyet benchmarking.

Den anerkjente sertifiseringsmetoden for lederskap i næringslivet, EFQM, har tjent som referanse for sertifiseringsordningen for næringsklynger.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

Til toppen