Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Regjeringa legg fram ny stortingsmelding som skal få hjelpa nærare barna

Fredag 8. november legg statsminister Erna Solberg og kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner fram stortingsmeldinga Tett på –Tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO.

Nett-tv Regjeringa legg fram ny stortingsmelding som skal få hjelpa nærare barna

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Målet med meldinga er å utvikle barnehagar og skular som skal gi alle barn og elevar eit godt tilpassa og inkluderande pedagogisk tilbod.

I dag er det for store kvalitetsforskjellar mellom barnehagar, skular og SFO når det gjeld tidleg innsats – og fleire rapportar har peika på at spesialundervisninga fungerer for dårleg. For mange barn får i dag hjelp for seint. Dette er nokre av utfordringane den nye stortingsmeldinga tar tak i. På pressekonferansen vil regjeringa presentere tiltaka i meldinga.

Rett etter pressekonferansen blir det høve til å vere med på besøk til ei klasse på ungdomstrinnet. Her kan pressa også fotografere og det blir sett av tid til separate intervju med statsministeren og kunnskaps- og integreringsministeren.

Stad: Majorstuen skole, inngang A, 4. etasje
Tid: Fredag 8. november
Klokka: 12.00

Pressekontakt: Journalistar som ønsker å vere til stades kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet Ragnhild Skaara Imset på mail [email protected] eller på mobil 934 35 930.

 

Til toppen