Regjeringa opnar for ti nye nasjonalparkar

Regjeringa har gitt Miljødirektoratet i oppgåve å starte arbeidet med å starte opp verneplanprosessar for heilt nye nasjonalparkar i Hornelen, Masfjordfjella, Øystesefjella og Sunnmørsalpane. Regjeringa ønskjer òg å gjere seks landskapsvernområde om til nasjonalpark.

Sunnmørsalpane
Det foreslåtte verneområdet i Sunnmørsalpane består av eit alpint fjellandskap med seterdalar på Kolåshalvøya. Foto: Cecilie Lund Vestergaard


Områda Miljødirektoratet no skal utgreie har store verneverdiar og dialogen med kommunane så langt har tyda på at det er mogleg å få lokal aksept for å starte ein verneprosess.

- Tap av naturmangfald på grunn av utbygging og inngrep er ei av dei største utfordringane i verda, men óg i Noreg tek denne bit-for-bit-utbygging stadig meir natur. Derfor ønsker regjering no å sette i gang fleire verneprosessar der både dei lokale kommunane og Miljødirektoratet anbefaler at man legger ein nasjonalpark, seier Sveinung Rotevatn (V).

Fire heilt nye verneområder og nasjonalparkar i Vest-Noreg

Dei fire nye områda der regjeringa no vil arbeide mot å etablere nasjonalparkar er Sunnmørsalpane i Ørsta kommune, Hornelen i Bremanger kommune, Masfjordfjella i Alver og Masfjorden kommunar og Øystesefjella i Kvam, Samnanger og Vaksdal kommunar.
Noreg har framleis område utan vesentlege tekniske inngrep med stor nok verneverdi til å fylle krava til nasjonalpark eller landskapsvern. Dette er nokon av dei viktigaste.

- Nasjonalparkstatusen er det fremste kvalitetsmerke vi kan gi eit stykke norsk natur. At eit område blir nasjonalpark betyr at denne staden har heilt spesielle naturverdiar som vi meiner det er særs viktig at Noreg vernar og tar vare på for framtida, seier Rotevatn (V).

Miljødirektoratet og Statsforvaltaren vil saman med kommunane og grunneigarorganisasjonane i dei aktuelle områda sjå heilt konkret på kva for areal som er aktuelle å ha med i ei vidare utgreiing av vern som nasjonalpark eller landskapsvernområde.

Frå landskapsvernområde til nasjonalpark

Regjeringa vil óg be Miljødirektoratet gå vidare i arbeidet med å gjere om seks landskapsvernområde til nasjonalpark. Dei aktuelle er Lyngsalpan, Sylan, Trollheimen, Ålfotbreeen, Oksøy-Ryvingen og Flekkefjord og Listastrendene. Rundt Jotunheimen er det fleire stader verneverdiar som kan vurderast inkludert i nasjonalparken. I tillegg er 13 andre utvidingar av noverande verneområde aktuelle. Regjeringa vil be Miljødirektoratet og Statsforvaltaren ha dialog med kommunane områda ligg i for å finne fram til ei avgrensing ein kan greie ut nærare.

Masfjordfjella
Området ligg i Masfjorden og Alver komuner utgjer eit stort naturområde utan tekniske inngrep, og vil utvide verna areal i ein region med relativt liten vernedekning i dag. Foto: Nicolas Rodriguez

Inkluderande prosessar

- Det vil alltid vere ulike syn på nye verneområde. Nokre kan bli usikre på kva det kan bety for deira interesser, vi skal derfor sørge for ha gode prosessar der alle vil få kome med innspel, seier Rotevatn.

Verneplanprosessane blir styrt av reglane i naturmangfaldlova og tek omsyn til medverking og involvering, og sikrar at områda som eventuelt blir verna fyller dei naturfaglege krava til vern. Å ferdigstille ein verneplan for ein nasjonalpark tek som regel 3 til 4 år.

 

Regjeringa opnar for fire nye nasjonalparkar:

  • Hornelen
  • Masfjordfjella
  • Øystesefjella
  • Sunnmørsalpane

Regjeringa opnar for at følgande lanskapsvernområde får nasjonalparkstatus:

  • Lyngsalpan
  • Sylan
  • Trollheimen
  • Ålfotbreeen
  • Oksøy-Ryvingen
  • Flekkefjord og Listastrendene

Regjeringen opnar for utvidingar av følgande nasjonalparker:

  • Rohkunborri
  • Blåfjella-Skjækerfjella
  • Skarvan-Roltdalen
  • Femundsmarka
  • Dovre
  • Jostedalsbreen
  • Jotunheimen
  • Raet

Kart:

Hornelen
Hornelen som ligg 860 moh er den høgaste sjøklippen i Europa og har store verneverdiar. Området som blir foreslått verna er eit kystlandskap frå fjøre til fjell og har alpin kystflora med naturtypane sørvendt berg og rasmark. Foto: Tore Larsen