Regjeringa styrker kompetanse i regionalt næringsliv

Ti regionale næringsklynger får nær 17 millionar kroner til å utvikle kompetanseprogram for det lokale næringslivet.

- Medarbeidarar med rett kompetanse er noko av det viktigaste for bedriftene. Det er viktig for regional utvikling, og ikkje minst for omstillingsevna til bedriftene. Målet med kompetanseutviklingsprosjekta er å sikre næringslivet i distrikta tilgang på kompetent arbeidskraft, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Sikre effekt

Ti næringsmiljø får no støtte til å gjennomføre regionale prosjekt som skal gi tilgang til viktig kompetanse for bedriftene. Satsinga legg vekt på samarbeid mellom næringsklynger og kompetanse/utdanningsmiljø. Prosjektmidla skal bidra til at regionale utdanningstilbod betre treff behova for kompetent arbeidskraft i bedriftene. I dette inngår òg etter- og vidareutdanning.

- Dette samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonane og næringslivet er viktig for å sikre den rette kompetansen til bedriftene, seier statsråd Sanner.

Tettare samarbeid

Kompetanseutvikling i regionale næringsmiljø er ei ordning oppretta og finansiert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Ordninga skal medverke til tettare samarbeid mellom næring og utdanningsinstitusjonar. Målet er regional utvikling og fleire kompetansearbeidsplassar i distrikta. Årleg blir det sett av omlag 20 millionar kroner til denne innsatsen. Ordninga er forvalta av Innovasjon Noreg i samarbeid med fylkeskommunane, Forskingsrådet og Siva.

Grundig prosess

I år deltok i alt 28 næringsmiljø i konkurransen om midlane. Dei 10 næringsmiljøa som no får støtte til sine kompetanseprogram, er valde etter ein grundig prosess. Alle søkjarane har fått prosjekta sine vurdert av både fylkeskommunane, Siva, Forskingsrådet og Innovasjon Noreg.

Her er dei 10 næringsmiljøa som får tilbod om støtte frå kompetanseutviklingsprogrammet

Arena Innovasjon Torskefisk i regionen Lofoten og Vesterålen får 2 millionar kroner
"Industriell utvikling gjennom kompetansebygging"

IKT Telemark med utgangspunkt i Rjukan/Notodden miljøet får 1,5 millioner kronar
"Industriell datasenterkompetanse"

IT-forum Sogn og Fjordane får 1,5 millionar kronar
"Næringsretta IT-utdanning i Sogn og Fjordane"

Kongsbergregionen (Nore og Uvdal, Rollag, Flesberg, Kongsberg, Tinn, Hjartdal og Notodden) får 2 millionar kroner
"Smart automasjon og produksjon for fremtidig norsk industri"

Kunnskapsparken Helgeland (Mo industripark og Olje- og gassklynge Helgeland) får 2,9 millionar kroner
"Kompetanse for grønt skifte i industrien på Helgeland"

Legasea (biomarin arena-klynge i primært i Ålesund og Kristiansund) får 2 millioner kroner
"Et marint drømmeløft - kompetansesprang innen prosessteknologi"

Maritim forening Sogn og Fjordane/GCE Subsea får 1,5 millionar kroner
"Etablera tilbod om samansett kompetanse retta mot havrommet og havromsteknologi"

Molde Kunnskapspark får 1,5 millionar kroner
"Etterutdanningsprogram i innovasjon med fokus på Industrielt Internett"

TotAl gruppen får 1,4 million kroner
"Avansert -og automatisert utdanning for framtidsretting av norsk vareproduserende/mekanisk industri med utgangspunkt i Industri 4.0"

VinterTroms AS får 500 000 kroner
Prosjekt Arctic Tourism Competence - Utvikling og organisering av et tilrettelagt utdannings- og kompetanseutviklingprogram for reiselivet i Nord-Norge

 

Kommunal- og moderingsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00