Historisk arkiv

Regjeringa vil fjerne bommar på sidevegar også i eksisterande vegprosjekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa er oppteken av at det skal bli mindre bompengar for folk flest. Vi har tidlegare stramma inn reglane for å sette opp bommar på sidevegar i nye vegprosjekt. No har eg bedt Statens vegvesen og Nye Veier om også å gå gjennom alle prosjekt som i dag har slike bommar for å sjå om dei kan fjernast. Eg har også bedt om innspel frå fylkeskommunane, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

I juni i år blei det bestemt at Statens vegvesen og Nye Veier ikkje lenger får planleggje å bruke bom på sidevegane langs den nye vegen i framtidige vegprosjekt. Dersom særlege høve tilseier bruk av slike bommar, må Samferdselsdepartementet få vite det på eit tidleg tidspunkt og vurdere kvar enkelt sak.

- Sidevegane brukast først og fremst av folk som køyrer til og frå barnehage, jobb, matbutikken og fritidsordningar. No vil eg ha ei vurdering av om bommane som finst på slike vegar i dag kan fjernast, slik at dei som køyrer på dei må betale mindre bompengar.

 I breva som er sendt i dag, blir Statens vegvesen og Nye Veier bedt om å vurdere kva fjerning av bom på sidevegar i eksisterande vegprosjekt med bompengar vil bety for trafikkmønster, sikkerheit, miljø og økonomi i kvart prosjekt, medan fylkeskommunane blir bedt om å gi tilbakemelding på korleis dei stiller seg til å fjerne sidevegsbommar i vedtekne prosjekt i eigne fylker.

 

For meir informasjon, sjå: