Historisk arkiv

Regjeringa vil tydeleggjere reglane for utanlandske barneekteskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

I fleire land er det lovleg å inngå ekteskap med barn. Regjeringa vil no klargjere i lova at desse ekteskapa som hovudregel ikkje skal godkjennast i Noreg.

– Forslaget til regjeringa vil beskytte mindreårige som kjem til Noreg mot å bli rekna som gift her. Det vil òg gi eit signal til andre styresmakter om at Noreg ikkje aksepterer slike ekteskap, seier barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse. 

Sjølv om barneekteskap ikkje er lovleg i Noreg, er det eit problem at fleire land tillèt denne praksisen. Praksisen har òg ei rekkje sosiale konsekvensar, mellom anna er barn i ekteskap meir utsette for vald i nære relasjonar, utnytting og isolasjon.

Regjeringa ynskjer derfor å innføre ein klar hovudregel om at ekteskap ikkje skal bli godkjent her i landet om partane var under 18 år då dei gifta seg. Før gjaldt denne klare hovudregelen berre for norske statsborgarar eller dei som budde her fast då dei gifta seg i utlandet.

Barne- og familieministeren understrekar at sjølv om vi må hindre ekteskap med barn, er det òg viktig å ta vare på dei som er vaksne og som har innretta seg i tillit til at dei er gifte. Reglane må dessutan vere i samsvar med våre internasjonale pliktar. Regjeringa foreslår derfor at det skal gjelde to unntaksreglar frå 18-årsgrensa.

Forslaga i notatet som no vert sendt på høyring er ei oppfølging av regjeringa sin handlingsplan "Retten til å bestemme over eget liv - Handlingsplan mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse (2017-2020)".

 – Eg er glad for at vi no også foreslår ein utvida frist for å reise sak om tvangsekteskap. Dette vil gje personar i ein vanskeleg situasjon betre tid til å reise sak for domstolen om gyldigheita av desse ekteskapa, seier Lindtveit Røse.

Her kan du lese høyringsnotatet.