Historisk arkiv

Regjeringa vil undersøkje tal om ukvalifiserte lærarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) viser at det er litt over fem prosent ukvalifiserte lærarar i skolen, mens tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det er nesten 24 prosent som underviser utan lærarutdanning. No får Utdanningsdirektoratet oppdraget med å finne ut kvifor tala frå dei to er så ulike.

– Gode og kvalifiserte lærarar er viktige for at elevar skal lære. Difor har regjeringa mange tiltak som sørgjer for fleire lærarar med lærarutdanning i skolen. Samstundes må vi ha eit godt faktagrunnlag i det vidare arbeidet for å få ned talet på dei ukvalifiserte, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

GSI er eit system der alle skolar rapporterer inn tal. Systemet er eigd av Utdanningsdirektoratet. Statistikken frå SSB er basert på informasjon frå A-ordninga, og Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB).

Utviklinga for ukvalifiserte går rett veg

Sjølv om GSI og SSB har ulike tal, viser begge statistikkane at utviklinga for den delen som gjeld ukvalifiserte er på rett veg. GSI-tal for skoleåret 2019-20 viser ein nedgang av ukvalifiserte frå 2018-19 på 0,3 prosentpoeng. Tala frå SSB viser ein nedgang på 0,4 prosentpoeng frå 2018 til 2019.

Førebelse undersøkingar viser at det er skilnadar i korleis statistikken blir laga som fører til at tala frå SSB og GSI ikkje kan bli heilt like. Mellom anna tel dei to aktørane ulike grupper lærarar. Lærarkompetanse er også målt ulikt. Til dømes har SSB med fleire timeløna lærarar i si oversikt. Når det gjeld kompetanse ser GSI på om læraren fyller krava for tilsetjing medan SSB ser på kva for utdanning læraren har. Dette er likevel ikkje nok til å gje ei fullgod forklaring på dei store forskjellane som har kome fram. Difor skal Utdanningsdirektoratet sjå nærare på dette.

Les meir om regjeringas satsing "Lærarløftet" for å skape ein skole der elevar lærer meir.