Regulering av grunnbeløpet og pensjonane frå 1. mai 2016

Regulering av grunnbeløpet i folketrygda: Grunnbeløpet aukar frå 90 068 til 92 576 kroner frå 1. mai 2016. Dette er ein auke på 2 508 kroner, som svarar til 2,78 prosent.

Bilde av statssekretær Thor Kleppen Sættem, arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie og statssekretær i Finansdepartementet Tore Vamraak sittende ved et bord.
Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie under trygdeoppgjøret 2016, flankert av statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet, Thor Kleppen Sættem (t.v.) og statssekretær i Finansdepartementet, Tore Vamraak. Foto: Jan Richard Kjelstrup/ASD

Regjeringa og organisasjonane har drøfta talgrunnlaget for årets regulering av folketrygdas grunnbeløp og pensjonar frå 1. mai 2016. 

Årets trygdeoppgjør er gjennomført etter gjeldande reglar for regulering av grunnbeløpet og pensjonar. Talgrunnlaget har vore drøfta med Pensjonistforbundet, Seniorsaken, Forsvarets seniorforbund, Landslaget for offentlige pensjonister, Funksjonshemmedes felles­organisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, LO, YS, Unio og Akademikerne. Det har ikkje vore usemje om talgrunnlaget for årets regulering.

Kven får kva?

Uføretrygda og andre som får sine ytingar regulert gjennom grunnbeløpet, får ein inntektsauke på 2,78 prosent.

Alderspensjon under opptening blir auka med 2,78 prosent.

Regulering av løpande alderspensjonar: Alderspensjonistar får ein auke i pensjonen på 2,01 prosent. 

Regulering av satsane for minste pensjonsnivå/ garantipensjon

For alderspensjonistar aukar satsane for minste pensjonsnivå/garantipensjon med 2,28 prosent. Etter auken utgjer satsane følgande: 

  • Låg sats (ektefellen har pensjon) aukar frå 139 728 til 142 915 kroner.
  • Ordinær sats (ektefellen har uføretrygd eller inntekt over 2G) aukar frå 162 566 til 166 274 kroner.
  • Høg sats (einsleg pensjonist eller pensjonist med ektefelle som har inntekt under 2G) aukar frå 175 739 til 179 748 kroner.
  • Særskilt sats (forsørgjer ektefelle over 60 år og fyller vilkåra for rett til ektefelletillegg) aukar frå 274 085 til 280 337 kroner.

Alderspensjonar under utbetaling skal først regulerast med lønsveksten, justert for eventuelle avvik mellom faktisk og forventa lønnsvekst to år tilbake i tid, og frå denne summen blir det trekt 0,75 prosent.

Satsane for minste pensjonsnivå/garantipensjon for alderspensjonistar blir regulert med same lønsvekst og etter det justert for effekten av levealdersjustering for 67-åringar i reguleringsåret. 

Grunnbeløpet, uføretrygd og alderspensjon under opptening skal regulerast i samsvar med lønnsveksten for dei yrkesaktive. 

Minste årlege yting for uføretrygda blir etter reguleringa 

  • Ordinær sats: 211 073 (2,28 G, lever saman med ektefelle eller sambuar)
  • Ordinær sats for ung ufør: 246 252 (2,66 G)
  • Høg sats: 229 588 (2,48 G, einsleg uføretrygda)
  • Høg sats for ung ufør: 269 396 (2,91 G)