Regulering av grunnbeløpet og pensjonane frå 1. mai 2018

Grunnbeløpet i folketrygda aukar frå 93 634 til 96 883 kroner frå 1. mai 2018. Dette er ein auke på 3 249 kroner, som svarar til 3,47 prosent.

Regjeringa og organisasjonane har drøfta talgrunnlaget for årets regulering av folketrygdas grunnbeløp og pensjonar frå 1. mai 2018. 

Årets trygdeoppgjør er gjennomført etter gjeldande reglar for regulering av grunnbeløpet og pensjonar. Talgrunnlaget har vore drøfta med Pensjonistforbundet, Senior Norge, Forsvarets seniorforbund, Landsforbundet for offentlige pensjonister, Funksjonshemmedes felles­organisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, LO, YS, Unio og Akademikerne.

Kven får kva?

Uføretrygda og andre som får sine ytingar regulert gjennom grunnbeløpet, får ein inntektsauke på 3,47 prosent.

Alderspensjon under opptening blir auka med 3,47 prosent.

Regulering av løpande alderspensjonar: Alderspensjonistar får ein auke i pensjonen på 2,69 prosent.

Regulering av satsane for minste pensjonsnivå

For alderspensjonistar aukar satsane for minste pensjonsnivå med 2,87 prosent. Satsane vart og auka 1. september 2017. Etter auken utgjer satsane følgande: 

  • Låg sats (ektefellen/sambuaren har pensjon) aukar frå 149 225 til 153 514 kroner.
  • Ordinær sats (ektefellen/sambuaren har uføretrygd eller inntekt over 2G) aukar frå 172 711 til 177 675 kroner.
  • Høg sats (pensjonist med ektefelle/sambuar som har inntekt under 2G) aukar frå 181 744 til 186 968 kroner.
  • Særskilt sats (einsleg) aukar frå 188 766 til 194 192 kroner.
  • Særskilt sats (ektepar, forsørgjer ektefelle/sambuar over 60 år og fyller vilkåra for rett til ektefelletillegg) aukar frå 282 891 til 291 022 kroner.

Minste årlege yting for uføretrygda blir etter reguleringa 

  • Ordinær sats: 220 893 (2,28 G, lever saman med ektefelle eller sambuar)
  • Ordinær sats for ung ufør: 257 709 (2,66 G, lever saman med ektefelle eller sambuar)
  • Høg sats: 240 270 (2,48 G, einsleg uføretrygda)
  • Høg sats for ung ufør: 281 930 (2,91 G einsleg uføretrygda)

Grunnbeløpet, uføretrygd og alderspensjon under opptening skal regulerast i samsvar med lønnsauken, justert for eventuelle avvik mellom forventa og faktisk lønnsauke to år tilbake i tid.

Alderspensjonar under utbetaling skal først regulerast med den same lønnsauken, og deretter vert det fråtrekt 0,75 prosent.

Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar vert regulerte med den same lønsauken og deretter justerte for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar i reguleringsåret. 

Til toppen