Historisk arkiv

Regulering av grunnbeløpet og pensjonane frå 1. mai 2021

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Grunnbeløpet i folketrygda aukar med 4,98 prosent frå 101 351 kroner til 106 399 frå 1. mai 2021. Etter årets trygdeoppgjer blir pensjonar under utbetaling regulert høgare enn antatt lønnsvekst.

Trygdedrøftingane 2021 er gjennomførte etter gjeldande reglar for regulering av grunnbeløpet og pensjonar. Alderspensjonane under utbetaling blir i år regulert etter særskilte reglar, i tråd med dei vedtaka Stortinget fatta i desember 2020 og i februar 2021.

– I år blir den årlege reguleringa av alderspensjon under utbetaling i tråd med eit gjennomsnitt av lønns- og prisauken. Det ligg i tillegg inne ein kompensasjon for 2020, som gjer at nivået blir som om reguleringa var slik òg i 2020. Samla gjer det at pensjonistane kjem vesentleg betre ut enn vanlege lønnsmottakarar, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.

Talgrunnlaget har vore drøfta med Pensjonistforbundet, Senior Norge, Forsvarets seniorforbund, Landsforbundet for offentlige pensjonister, Funksjonshemmedes Felles­organisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjonar, LO, YS, Unio og Akademikerne.

Slik blir reguleringa

Alderspensjon under opptening, uføretrygd og andre ytingar som er regulerte gjennom grunnbeløpet, får ein inntektsauke på 4,98 prosent frå 1. mai, medan årleg auke blir 3,83 prosent.

Alderspensjon frå folketrygda under utbetaling får ein auke i pensjonen på 4,99 prosent frå 1. mai, medan årleg auke blir 3,58 prosent. Alderspensjon frå offentleg tenestepensjon blir regulert på same måte.

Auka pensjonar til einslege minstepensjonistar

Regjeringa har saman med Stortinget auka pensjonane til einslege minstepensjonistar i fleire omgangar. Frå 1. mai 2020 blei desse minstepensjonane auka med 4 000 kroner, og frå 1. juli 2021 aukar dei med ytterlegare 5 000 kroner.

– Under dagens regjering har einslege minstepensjonistar fått ein betydeleg styrka økonomisk situasjon. I tillegg til justeringane frå 2020 og 2021 er pensjonane til einslege minstepensjonistar frå før auka i tre omgangar under regjeringsperioden vår. Til saman utgjer det ei styrking på om lag 21 000 kroner, seier Røe Isaksen.  

Regelverket

Grunnbeløpet, uføretrygd og alderspensjon under opptening skal bli regulert i samsvar med lønnsauken, justert for eventuelle avvik mellom forventa og faktisk lønnsauke to år tilbake i tid.

Stortinget har vedteke at alderspensjon under utbetaling frå folketrygda i år skal bli regulert med eit gjennomsnitt av lønns- og prisauken. Formelt blir det gjort ved at ein fastset særskilt lønnsauke som gjer at ein ved eit fråtrekk på 0,75 prosent endar med ein auke i tråd med eit gjennomsnitt av løns- og prisauken, medrekna ein kompensasjon for 2020.

Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar blir òg regulert med ein særskilt lønsauke og deretter justert for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar i reguleringsåret.

Den nye reguleringa vil gje pensjonistane svakare utvikling i år med gode lønnsoppgjer, men samtidig skjerme dei frå realnedgang i år med svak lønnsvekst. 

Den nye reguleringa er i tråd med pensjonsforliket og er på sikt forventa å gje same innsparing som lønnsveksten fråtrekket 0,75 prosent.

Nytt grunnbeløp og reguleringssatsar blir formelt fastsett ved kongeleg resolusjon 21. mai 2021.