Historisk arkiv

Rekordhøgt snitt for årets avgangskull

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Karaktersnittet for avgangselevane i vidaregåande skole har auka samanlikna med i fjor. Avlyste eksamenar er ein del av forklaringa.

- Sist veke kom tal som synte at tiendeklassingane fekk høgare snitt enn normalt i år. No ser vi at avgangselevane i vidaregåande også får høgare karakterar enn før. Sjølv om ikkje auka i kvart enkelt fag er så stor, er det uvanleg at karakterane aukar i så mange fag på same tid, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Analysar av årets standpunktkarakterar i fellesfaga syner at gjennomsnittskarakteren aukar i 41 av 46 fellesfag, samanlikna med fjoråret. Samla sett har det gitt ei auke i snittkarakter i år, frå 4,1 i fjor til 4,2 i år i desse faga.

Avlyst eksamen ga meir tid til standpunktvurdering

Det er gjennomsnittet av standpunktkarakterar og eksamenskarakterar som er grunnlaget for opptaket til høgare utdanning. På grunn av koronasituasjonen våren 2020 vart alle eksamenar for elevar i vidaregåande skole avlyst, med nokre få unntak. Difor vart vitnemåla i år berre basert på standpunktkarakterar.

Normalt får mange av elevane noko dårlegare karakterar på skriftleg eksamen enn i standpunkt. Avlyst eksamen er difor noko av forklaringa på betre snitt, men ikkje heile. Elevane har òg fått betre standpunktkarakterar.

Koronakrisa har endra vilkåra for korleis skolane sette karakterar denne våren. Skulekvardagen vart drastisk endra då skolane stengde.

- Då eksamenane vart avlyste, vart samstundes fristen for å sette standpunktkarakterar utsett. Dermed fekk skolane betre tid til å vurdere elevane. Desse faktorane kan ha medverka til at årets tal skil seg frå tidlegare år, seier Melby.

Statsråden minner om at karaktersnittet har stige jamt gjennom mange år.

- Auka er likevel særleg stor i år, og Utdanningsdirektoratet vil undersøkje nærare kva som kan vere årsakene til endringa i årets resultat, seier ho.

Jenter får framleis høgare karakterar

Som tidlegare år får jentene høgare snittkarakter enn gutane. I ni av dei ti største fellesfaga er snittkarakteren til jentene høgare enn for gutane.

- Nok ein gong ser vi at jenter får betre resultat enn gutar, og dei store kjønnsforskjellane i skolen er noko eg vil ta tak i som kunnskapsminister, seier Melby.

Fakta

  • Vårens karakterer i vidaregåande. Tala som no er publiserte førebelse tar ikkje omsyn til handsaming av klager. Endelege tal vert publiserte i oktober.
  • Fellesfag er obligatoriske fag som inngår på kvart årstrinn ved opplæring i skole, t.d. norsk, engelsk, matematikk og naturfag.
  • Alle eksamenar for elevar i vidaregåande skole vart avlyste våren 2020, med nokre få unnatak. Unntaka gjaldt fag der læreplanen krev at eksamen er gjennomført før fag- eller sveineprøve. Privatisteksamen vart gjennomført.
  • Dei siste åtte åra har nær halvparten av elevane fått lågare karakter til skriftleg eksamen enn til standpunkt i same fag. Analyse av karakterforskjellar mellom standpunkt og eksamen i vidaregåande.
  • Normalt utgjer standpunktkarakterane rundt 80 prosent og eksamenskarakterane rundt 20 prosent av vitnemålet.