Rotevatn får pådrivarrolle i klimaforhandlingane

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn er, saman med Singapore sin miljøminister Grace Fu, bedt om å få framdrift i forhandlingane om reglar for samarbeid under Parisavtalen før toppmøtet i Glasgow til hausten.

- Føremålet med samtalene vi skal leie, er å få framdrift på tema det har vore vanskeleg å få semje om dei siste åra under klimaforhandlingane i FN. Forhandlingane om reglar for kjøp og sal av utsleppsreduksjonar er no inne i sine sjette år. Det er heilt sentralt å få til ei semje på dette temaet i Glasgow, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Det er Storbritannia som er vertskap for klimaforhandlingane i Glasgow. Presidenten for klimamøtet, den britiske statsråden Alok Sharma, har bedt Noreg om å leie ministerkonsultasjonane saman med Singapore. Noreg har tradisjonelt hatt ei konstruktiv rolle i forhandlingane, og ministerkonsultasjonar vil særleg vere viktig fram mot klimamøtet for å få til semje mellom partane.

- For å oppnå det, må vi vere einige om kva som er dei sentrale punkta som står att, samt finne mogelege løysingar som det kan jobbast vidare med fram mot klimamøtet i Glasgow, seier Rotevatn.

Konsultasjonane på ministernivå vil føregå i løpet av juli, og skal sikre brei og inkluderande medverknad på tvers av tidssoner.