Historisk arkiv

Ryfast: Ferjefritt mellom Nord-Jæren og Ryfylke og nytt fastlandssamband Hundvåg – Stavanger sentrum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa inviterer Stortinget til å teikna eit nytt Rogalandskart. Ryfast betyr ei ny tid for både Nord-Jæren og Ryfylke. Fastlandssambandet gir nye moglegheiter for busetjing og næringsliv i Ryfylke. Samstundes vil Ryfast letta presset på Nord-Jæren og Stavanger, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med forslag om utbygging av riksveg 13 Ryfylkesambandet, Ryfast, i Rogaland.

- Regjeringa inviterer Stortinget til å teikna eit nytt Rogalandskart. Ryfast betyr ei ny tid for både Nord-Jæren og Ryfylke. Fastlandssambandet gir nye moglegheiter for busetjing og næringsliv i Ryfylke. Samstundes vil Ryfast letta presset på Nord-Jæren og Stavanger,  seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med forslag om utbygging av riksveg 13 Ryfylkesambandet, Ryfast, i Rogaland.

Forslaget frå regjeringa blei  lagt fram i statsråd i dag.

I forslaget er det lagt opp til anleggsstart i 2012/2013, med opning for trafikk i 2018.

Ryfast omfattar to undersjøiske toløps tunnelar med to køyrefelt i kvar retning. Saman med prosjektet E39 Eiganestunnelen vil Ryfast gi ferjefritt vegsamband mellom Nord-Jæren og Ryfylke. Tunnelen mellom E39 i Stavanger og Hundvåg (Hundvågtunnelen) er 5,7 kilometer lang, medan tunnelen mellom Hundvåg og Solbakk i Strand kommune er 14,3 kilometer lang.

Etter ei fellesstrekning med Eiganestunnelen på om lag 0,9 kilometer blir det ramper til  Hundvågtunnelen. Det er planlagt kryss på Buøy, Hundvåg nord og Solbakk. På Hundvåg nord skal vegen gå i dagen mellom Hundvågtunnelen og Solbakktunnelen. Nødvendige omleggingar av lokalvegnettet er også ein del av prosjektet.

I tillegg til å inngå i sambandet mellom Nord-Jæren og Ryfylke, vil Hundvågtunnelen gi bydelen Hundvåg/Buøy eit nytt fastlandssamband og avlasta Bybrua. Hundvågtunnelen vil, saman med Eiganestunnelen, avlasta vegnettet i sentrale delar av Stavanger.

Når Ryfast blir opna for trafikk, vil ferjesambanda Lauvvik – Oanes og Stavanger – Tau bli lagde ned. Desse utgjer i dag sambandet mellom Ryfylkekommunane Suldal,  Hjelmeland, Strand og Forsand med til saman om lag 18 000 innbyggjarar og Nord-Jæren,  medrekna regionsenteret Stavanger, E39, Stavanger lufthamn Sola,  Risavika hamn og Godsterminalen ved Ganddal.

For Ryfastprosjektet er det i forslaget frå regjeringa lagt til grunn eit kostnadsoverslag på 5,22 milliardar 2012-kroner.

Bompengar og lokale tilskott

Utbygginga av Ryfast skal finansierast ved bompengar og lokale tilskott. Det er lagt til grunn 4,848 milliardar kroner i bompengar og til saman 372  millionar kroner i lokale tilskott frå mellom anna Rogaland fylkeskommune, Stavanger kommune, Ryfylkekommunane og Stavanger Næringsforening.

Rogaland fylkeskommune har gitt sin tilslutnad til finansierings- og bompengeopplegget, medrekna forslag til takstar og rabattsystem. Slik tilslutnad er også gitt frå  kommunane Strand, Stavanger, Hjelmeland og Sandnes.

Eiganestunnelen

Det er ein føresetnad for Ryfast at delar av Eiganestunnelen blir bygd, sidan fellesstrekninga mellom dei to prosjekta inngår i Eiganestunnelen.  I forslaget blir det vist til at  Eiganestunnelen er føresett delfinansiert med bompengar frå Nord-Jærenpakka. Samferdselsdepartementet vil komma tilbake til utbyggings- og finansieringsplan for prosjektet Eiganestunnelen når alle avklaringar ligg føre.

For fleire opplysningar – sjå:

Prop. 109 S (2011-2012) Utbygging og finansiering av rv 13 Ryfylkesambandet (Ryfast) og fastsetjing av styrings- og kostnadsramme for E39 Eiganestunnelen i Rogaland

Kartskisse:

Til toppen