Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Samferdselsministeren løftar fram lokalt arbeid med trafikktryggleik – 1 million kroner til beste kommune

– Vi vil heidre kommunar som utmerker seg i det viktige lokale trafikktryggleiksarbeidet, og løfte dei fram som førebilete for andre. Dei beste kommunane kan no tevle om ein million kroner, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Arbeidet med å velje Årets trafikktryggleikskommune 2020 er i gang. Prisen for 2020 er på ein million kroner.

Formålet med prisen er å betre trafikktryggleiken ved å inspirere til betre trafikktryggleiksarbeid lokalt. Prisen skal gå til ein kommune som kan vise til godt trafikktryggleiksarbeid og til gode planer for vidare arbeid. Kommunen må ha ein trafikktryggleiksplan, mellom anna for sikring av skulevegane.

Nominasjon

Samferdselsdepartementet sender no ut invitasjon til fylkeskommunane og ber dei nominere to eller tre kommunar som har utmerkt seg i arbeidet med trafikktryggleik.

Det er Statens vegvesen som administrerer ordninga og som står for den vidare nominasjonen. Samferdselsdepartementet tek den endelege avgjerda, i samråd med Kontaktutvalet for trafikktryggleik.

Tidlegare prisvinnarar

Prisen vert i 2020 delt ut for niande gong. I fjor fekk Nord-Aurdal kommune prisen, i 2018 Fredrikstad kommune, i 2017 Kvinesdal kommune, i 2016 Ski kommune, i 2015 Alta kommune, i 2014 Bodø kommune, i 2013 kommunane Austrheim og Lindås, og i 2012 Nøtterøy kommune.

Til toppen