Historisk arkiv

Samhandling for betre sjøtryggleik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

I meldinga "Samhandling for betre sjøtryggleik", tar regjeringa for seg tryggleiken til sjøs både for nærings- og fritidsfartøy.

– Den overordna målsetjinga til regjeringa er å legge til rette for eit trygt båtliv. Visjonen er at det ikkje skal skje ulykker med omkomne eller hardt skadde med fritidsbåt, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

I dag er det mange aktørar som arbeider mot eit felles mål om trygg ferdsel på sjøen både for nærings- og fritidsfartøy. Eit høgt sjøtryggleiksnivå er avhengig av god samhandling mellom offentlege styresmakter, organisasjonar og enkeltindivid

– Vi nordmenn er eit folk som verdsett naturopplevingane og frihetsfølelsen båtlivet gjev oss. Difor er det viktig at vi lagar eit godt regelverk som folk synes det er fornuftig å følgje. På fritidsbåtområdet manglar det ei overordna tilnærming. Eg har difor bedt Sjøfartsdirektoratet utarbeide ein nasjonal handlingsplan mot fritidsbåtulykker, seier næringsministeren.

Meldinga går i hovudsak gjennom sentralt regelverk på ansvarsområdet til Nærings- og fiskeridepartementet. Regjeringa skal leggje fram ei ny stortingsmelding om nordområda hausten 2020. I 2020 vil regjeringa òg leggje fram ei stortingsmelding om samfunnstryggleik.

– Det har vore ein stor framvekst av turistfiske langs kysten. Kvar fjerde person som døde i ei fritidsbåtulykke i 2018 var turist, difor vil regjeringa vurdere om det bør stillast særskilde krav til både leigar og utleigar av fritidsbåtar, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.

Statens havarikommisjon for transport (SHT) har gjennomført ei omfattande kartlegging av ulykker med fritidsfartøy i Noreg i 2018 og innhenta historiske data om ulykker i perioden 2008–2017. Formålet med kartlegginga har vore å etablere eit meir omfattande faktagrunnlag når det gjeld omfanget av ulykker med fritidsbåtar og omstenda rundt dei enn det vi har i dag.

Tiltak i meldinga: